Vi søkjer lærling i ernæringskokkfaget til produksjonskjøkkenet ved SNR Hjelset.
Produksjonskjøkkenet vårt produserer mat til pasientar, kafe og kiosk- med stor vekt på eigenproduksjon. Vi leverer også møtemat og catering til ulike føremål.
Vi har eit moderne produksjonskjøkken med 1-2-3-serveringssystem for pasientar, og avdelingskjøkken med matvertar til opphaldsromma for inneliggjande pasientar. Opphaldsromma på avdelingane er som ein "mini kafe" med middagar, grautar, supper, desserter, brødmat, pålegg, drikke mm. Vi har også 3 lokasjonar som vi sender mat til. I kafeen finn du eit variert utval med påsmurt mat, varme og kalde rettar, heimelaga bakst, gåveartiklar, bøker og diverse vekeblad osv. Vi drifter også ein ubetjent kiosk med smart vareskap, som tilbyr eit breitt spekter av mat, drikke og kioskvarer.
Er du klar for ein spennande start på di karriere?
Oppstart medio august 2026, etter nærare avtale med leiar.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er ei perle på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.