Ågotnes skule er ein barneskule på Ågotnes i Øygarden kommune om lag ein halvtimes køyretur frå Bergen. Skuleåret 2026-2027 vil skulen ha om lag 230 elevar og 40 tilsette. Skulen stod ferdig til skuleåret 1981/82 og vart påbygd i 1994 og i 2005/2006. Til skulestart i 2024 fekk vi eit nytt og oppgradert uteområde. Fram til skuleåret 2010/2011 var skulen ein kombinert barne- og ungdomsskule, men er i dag ein rein barneskule.
Visjonen vår: «Ein god stad å vere, ein god stad å lære». Vi er oppteken av at skulen skal vere eit inkluderande felleskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Skulen er ein SUPER!! skule.
Tore Foldnes
Rektor Ågotnes skule
Telefon: 55 09 78 04 eller 472 35 162
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.