Stryn kommune søkjer engasjerte ungdommar til tidsavgrensa oppdrag som fritidskontaktar i prosjektet «Fritid i fellesskap».
Prosjektet er ei vidareutvikling av støttekontaktordninga, der målet er å etablere inkluderande, gruppebaserte fritidstilbod som fremjar deltaking, meistring og sosial tilhøyrsle.
Om stillinga
Som fritidskontakt vil du delta som aktivitetsressurs i gruppebaserte fritidstilbod for barn og unge. Rolla er førebyggande og skal bidra til å styrkje fellesskap og sosial deltaking.
Fritidskontaktar arbeider alltid saman med andre og i tett samarbeid med vaksen ansvarleg.
Om prosjektet
«Fritid i fellesskap» er eit pilotprosjekt som skal utvikle meir inkluderande og berekraftige fritidstilbod som supplement til tradisjonell støttekontaktordning, med mål om å redusere utanforskap og styrkje sosial deltaking
Søknad
Søkjarar vert bedt om å sende ein kort søknad med informasjon om:
- bakgrunn og interesser
- motivasjon for å søkje
Arbeidsoppgåver
- delta i planlagde fritidsaktivitetar og møteplassar
- bidra til eit trygt, inkluderande og sosialt miljø
- vere ein synleg og tilgjengeleg deltakar i gruppa
- støtte deltakarar som treng oppmuntring til deltaking
- vere ein positiv rollemodell for samarbeid, respekt og fellesskap
- samarbeide med og følgje rettleiing frå vaksen koordinator
- Aktivitetane kan til dømes vere fysisk aktivitet, friluftsliv, leik og sosiale samlingar.
Avgrensing av rolla
For å sikre fagleg forsvarlegheit og tryggleik gjeld følgjande:
- fritidskontaktar har ikkje åleineansvar for deltakarar
- rolla omfattar ikkje individuell oppfølging over tid (1:1)
- fritidskontaktar skal ikkje handtere konfliktar eller vanskelege situasjonar åleine
- ved behov skal vaksen ansvarleg kontaktast
Rolla er eit tillegg til, og ikkje ei erstatning for, faglege tenester.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ungdom som:
- har interesse for arbeid med barn og unge
- må ha fylt 16 år
- er pålitelege og møter til avtalt tid
- har gode samarbeidsevner
- trivst med aktivitet og sosialt samspel
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Det er ikkje krav om formell kompetanse.
Opplæring og oppfølging
Stryn kommune legg til rette for:
- grunnleggjande opplæring i rolleforståing, ansvar og grensesetting
- informasjon om handtering av utfordrande situasjonar
- fast kontaktperson og tett oppfølging undervegs
Dette sikrar trygge rammer for både deltakarar og fritidskontaktar.
Vi tilbyr
- ei meiningsfull og relevant arbeidserfaring
- deltaking i eit viktig førebyggjande arbeid i lokalsamfunnet
- tett fagleg oppfølging og rettleiing
- lønn eller godtgjersle etter gjeldande satsar
- attest etter gjennomført oppdrag
Omfang og varigheit
- 2 - 4 timar pr veke
- omfang varierer etter aktivitet, hovudsakleg ettermiddag/kveld arbeid skjer i gruppe og i organiserte aktivitetar
Kontaktinformasjon
Siri Linn Opsahl, Samfunnskoordinator, 90202043,
[email protected]
Åshild Heggdal, Einingsleiar miljø- og velferdstenester, 93446790,
[email protected]
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stryn Kommune
Referansenr.: 5140558290
Stillingsprosent: 5%
Engasjement
Søknadsfrist: 21.06.2026