Voss helsestasjon- og skulehelseteneste har ledig 100% vikariat helsesjukepleiarstilling frå august-26 - august-27, dato for oppstart etter nærare avtale. Ta kontakt for meir informasjon.
Om arbeidsstaden:
Helsestasjon og skulehelsetenesta er organisert under kommunalavdeling Oppvekst i Barne- og familietenesta, som i tillegg består av PPT, barneverntenesta, kommunepsykologane og integreringstenesta. Tenestene er samlokaliserte i Knutepunktet, sentralt i Voss sentrum. Andre aktuelle samarbeidspartar i bygget er BUP, legekontor, psykisk helse & rus, og NAV.
I tenesta vår jobbar merkantil, fysioterapeut, jordmødre, helsesjukepleiarar og legar. Me har helsetenester til gravide, helsetenester til flyktningar, helsestasjon 0-5 år og helsestasjon for ungdom i våre lokale på Knutepunktet. I tillegg har me skulehelseteneste tilstades ute til barne-og ungdomsskulane, og til dei to fylkeskommunale vidaregåande skulane på Voss.
Me tilbyr:
Kvalifikasjonar:
Arbeidsoppgåver kan vera:
Personlege eigenskapar:
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.