Me er kanskje ikkje dei største, men me er ein jysla kjekk gjeng som trivst godt på jobb. Hos oss får du jobbe med varierte oppdrag, stor grad av fridom og kort veg til leiinga.
Me legg stor vekt på å skape eit inkluderande arbeidsmiljø der folk blir sett og gler seg til å gå på jobb. Gjennom året prøver me å samle gjengen til sosiale aktivitetar både i og utanfor arbeidstid for å styrke samhaldet og lagkjensla. Døra til leiinga står alltid open, og det er låg terskel for å komme innom dersom det er noko du ønskjer å diskutere.
Om stillinga
Som elektrikar hos Moster Elektro vil du få ein variert arbeidskvardag med oppdrag for både privatkundar, næringsliv og offentlege verksemder. Du vil jobbe med alt frå mindre serviceoppdrag til større prosjekt, noko som gir stor variasjon i både oppgåver og arbeidsdagar.
Me ser etter deg som trivst med sjølvstendig arbeid, likar å finne gode løysingar og set pris på å vere del av eit fagmiljø der kollegaer støttar kvarandre og deler erfaringar.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som har relevant utdanning med fagbrev og førarkort klasse B. Du trivst med å jobbe sjølvstendig, tek ansvar for eigne oppdrag og likar å finne gode løysingar.
For oss er det også viktig at du er oppteken av kvalitet i arbeidet du leverer, og at du bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
Me trur du vil trivast godt hos oss dersom du set pris på ein variert arbeidskvardag, gode kollegaer og moglegheita til å jobbe sjølvstendig.
Me tilbyr
Nysgjerrig?
Kontakt vår rekrutteringsrådgjevar i Personalhuset Search & Selection, Jonas Grønningen, på telefon 923 70 980 eller e-post: [email protected]