Barneverntenesta i Time har ledig ein 100 % fast stilling som familierettleiar i tiltaksavdelinga.
Barneverntenesta i Time har til saman 26 stillingar og held til i Time rådhus. Tenesta er organisert i tre einingar: Team MUO (mottak, undersøking og oppfølging), Team omsorg og ei felles tiltaksavdeling for kommunane Time, Klepp og Hå.
Tiltaksavdelinga arbeider med frivillige hjelpetiltak i tråd med barnevernlova § 3-1. Dette omfattar endrings- og rettleiingsarbeid retta mot barn, ungdom og familiar, samt rettleiing av fosterheimar i dei samarbeidande kommunane. Avdelinga består av 10 stillingar – ni familierettleiarar og ein avdelingsleiar – og har eit sterkt fagmiljø med brei erfaring innan helse-, sosial- og pedagogiske fag.
Me legg vekt på å utvikle gode, heilskaplege tenester rundt barn og familiar, og har fokus på kvalitet, fagleg styrke og ein raus kultur, både internt og i arbeidet vårt ut mot barn, ungdom, foreldre og fosterforeldre
Barneverntenesta i Time søkjer ein medarbeidar som vil vere med og utvikle ei teneste med visjonen:
«Alle barn og unge har lyst på livet og evne til å meistre det».
Dette lever me ut gjennom vår felles leveregel:
«Me gjer kvarandre gode, og me gjer det i lag».
Arbeidsoppgåver
- Utføre miljøterapeutisk arbeid, miljøarbeid og rettleiing retta mot barn, ungdom, foreldre og fosterforeldre, etter tilvising frå barnevernstenesta sine øvrige team i dei samarbeidande kommunane.
- Planleggje, leie og gjennomføre målretta endringsprosessar i familiar og fosterheimar, inkludert å motivere for hjelp og endring.
- Bidra til å utforme mål og tiltak i samarbeid med barn, ungdom, foreldre, fosterforeldre og kollegaer.
- Vurdere ressursar og utfordringar hos barn, ungdom og i familiar gjennom systematisk evaluering av tiltak.
- Styrkje foreldra og fosterforeldra si omsorgskompetanse gjennom målretta miljøterapeutisk arbeid, miljøarbeid, rettleiing og praktisk støtte.
- Samhandle med andre tenester og samarbeidspartnarar for heilskapleg oppfølging av barn, ungdom, familiar og fosterheimar.
- Dokumentere og journalføre arbeidet i tråd med lovverk, rutinar og retningsliner.
- Delta i fagutvikling, erfaringsdeling og kvalitetsforbetring i barnevernstenesta.
- Vitne i ulike rettsinstansar ift. arbeidsoppgåva.
Kvalifikasjonar
- Krav om 3-årig bachelorutdanning i sosialt arbeid, barnevernspedagog eller annan relevant utdanning.
- Ønskeleg med relevant vidareutdanning i rettleiing, det er ønskeleg med familieterapi.
- Ønskeleg med sertifisering i metodiske rettleiingsprogram som; MarteMeo, PMTO, DUÅ, COS-P, iiP, rePULSE.
- Erfaring frå barnevernfagleg arbeid blir vektlagt.
- Førarkort klasse B (manuell gir).
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil verta vektlagt i tilsettingsprosessen.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Du er opptatt av barnets stemme og brukarmedverknad.
- Du har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og verdset samarbeid med barn og familiar.
- Du har respekt for alle som du kjem i kontakt med gjennom arbeidet.
- Du har evne til refleksjon, evne til å motivera andre og skapa endring.
- Du er kreativ, fleksibel, nytenkande og oppteken av endring og utvikling.
- Du er raus og har evne til å bruke humor i arbeidet.
- Du bidreg til godt og trygt arbeidsmiljø.
For å komma familiane i møte på deira behov må den som vert tilsett væra fleksibel i arbeidsdagen/-veka. Det må reknast med noko ettermiddag- og kveldsarbeid, inntil to kveldar per veke, innanfor fleksitida (37,5 timars veke), med avtale om fleksitid arbeidstid.
Me tilbyr
- Ei spennande og utfordrande stilling i eit fagfelt i utvikling.
- Engasjerte og dyktige kollegaer.
- Godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjonsordningar i KLP.
- Fleksibel arbeidstid med kjernetid mellom 0900 – 1400.
- Lønn etter tariff.
Det er lovkrav om at politiattest må registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Beate Dyskeland, Barnevernleiar, 91318291, [email protected]
Åshild Bjørnevoll, Avdelingsleder, 47513916, [email protected]
Arbeidsstad
Arne Garborgs veg 30
4340 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5139818717
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.06.2026