Har du lyst på ein spanande og meiningsfylt jobb i sommarferien? Vi kan tilby gode bonusordningar for ferievikarar. Frå ca. 15. juni og fram til ca. 31. august treng vi sommarvikarar for å gje praktisk/personleg bistand til tenestemottakarar i Butenesta Haram.
Vi har behov for dyktige og motiverte ferievikarer sommaren 2026 og søkjer deg som er nyutdanna, framleis under utdanning, eller som rett og slett vil bli kjent med eit nytt yrke. Kompetansen vi har behov for er sjukepleiar, vernepleiar, miljøterapeut, helsefagarbeidar og assistentar. Du vil få nødvendig opplæring.
Det er også mogleg å vere tilkallingsvikar i forkant av ferieavviklinga, dersom vi får søknaden tidleg nok. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.
Vi har behov for ferievikarar i:
Har du ein preferanse om arbeidsstad, oppgi dette i søknaden.
Om oss:
Haram bustader yter i hovudsak tenester til menneske med psykisk utviklingshemming. Vi har fokus på å levere gode tenester med høg kvalitet, fagutvikling og kompetanseheving. Hos oss får du jobbe i eit miljø som er opptatt av samarbeid, tryggleik og utvikling. Butenesta er god på punkttenester.
Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse- og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". I 2025 har avdelinga vore med i prosjektet TØRN.
Oppbygging av Haram bustader:
Haram bustader består av tre avdelingar: Haram bustader 1 som består av bustader, Haram bustader 2 som består av bustader og Solbakken bukollektiv og dagsenter. Vi har også ei avdeling som består av barnebustad og barneavlastning.
I Haram bustader jobbar du i team med miljøterapeutar, vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fagarbeidarar og assistentar.
Haram kommune:
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel og utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil kreve nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.