Me har ledig undervisningstilling i teiknspråk frå 1.8.2026.
Om arbeidsstaden:
Palmafossen skule er ein barneskule som ligg omlag 3 kilometer aust for sentrum. Me har rund 175 elever og 30 tilsette. Skulen ligg like ved idrettsanlegget til IL Viljar og turløypene i Bømoen, som me nyttar i skulekvardagen. Me har også eigen gapahuk og er i gang med å opparbeide skulehage - som skal gi elevane ein meir aktiv og praktisk undervisning. Vossaskulen arbeider kontinuerleg med kvalitetsutvikling for å skape gode tenester for elevane våre. Satsingsområda våre er læringsleiing, skulenærvær og dysleksi. Palmafossen skule har frå 1.august 2026 ledig 1 fast stilling for lærar med teiknspråkutdanning i 50 %. Kan om mogleg aukast i stillingsprosent
Me tilbyr:
Kvalifikasjonar:
Me ynskjer deg som:
Arbeidsoppgåver:
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.