Enge skule har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar for ungdomssteget, der leiarressursen utgjer 80% medan 20% er undervisning.
Me søkjer etter ein avdelingsleiar som arbeidar godt både sjølvstendig og som ein del av leiarteamet på Enge skule. Leiarteamet på Enge skule består av rektor og tre avdelingsleiarar.
Enge skule er ein 1-10 skule med til saman 440 elevar fordelt med 178 elevar på småsteget, 111 elevar på mellomsteget og 151 elevar på ungdomssteget.
Det er ein avdelingsleiar for kvart steg, i tillegg har skulen SFO leiar og leiar for vaksenopplæringa.
Enge skule er ein flott skule både ut og inne. Skulen har store uteområde, og ungdomssteget sitt uteområde, Skakkeringen, er heilt nytt.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.