Doktorgradsstipendiat innan adaptiv protonterapi

Arbetsbeskrivning

Ved Kreftklinikken på Haukeland universitetssjukehus er det ledig ei stilling som stipendiat knytt til prosjektet ART-FORSEE (“Network in Adaptive Radiotherapy for Novel Treatment Strategies”). ART-FORSEE er ei forskingssatsing på adaptiv stråleterapi, særleg innan protonterapi. Prosjektet omfattar utvikling og evaluering av adaptive behandlingsmetodar, kliniske studiedesign og KI-baserte løysingar for meir presis og effektiv kreftbehandling.

Haukeland universitetssjukehus er ein leiande aktør innan kreftforsking og regionsjukehus for kreftbehandling i Helse Vest. Protonterapi vart etablert ved Kreftklinikken våren 2025, og vi står no i startfasen av eit ambisiøst forskingsløft innan protonterapi.
Stipendiaten vil arbeide i eit tverrfagleg forskingsmiljø på høgt internasjonalt nivå, med stort potensial for fagleg gjennomslag og brei internasjonal synlegheit. Stillinga er 100 % over tre år. 

 


Arbeidsoppgåver

Som doktorgradsstipendiat vil du arbeide for meir presis og persontilpassa protonbehandling. Prosjektet har som mål å utvikle  nye metodar for handtering av geometrisk og biologisk usikkerheit, inkludert protonrekkevidde og relativ biologisk effekt (RBE).

Stipendiaten vil arbeide i skjeringspunktet mellom medisinsk fysikk og klinisk onkologi, og oppgåvene vil mellom anna omfatte:

  • Utvikling av metodar for å handtere rekkeviddeusikkerheit og variable RBE-effektar i adaptiv protonterapi, særleg basert på online oppdatering av anatomisk informasjon. Arbeidet omfattar evaluering og akkumulering av biologiske og dosimetriske fordelingar gjennom behandlingsforløpet, samt utvikling av metodar for online og sanntids replanlegging og triggerbasert adaptiv behandling.
  • Utvikling av biologisk optimalisering innan adaptiv protonterapi, der avansert funksjonell avbilding og biologiske responsmarkørar integrerast i biologiske dosemodellar for å sikre tumorkontroll og redusere normalvevstoksisitet. Dette inkluderer utvikling av raske reoptimaliseringsstrategiar og automatiserte løysingar for effektiv biologisk adaptiv behandling i klinisk praksis.
  • Utvikle og nytte KI-baserte metodar for arbeidsflyt i adaptiv protonterapi. Dette inkluderar blant anna automatisk og KI-basert doseberekning og triggersystem for anatomiske endringar.

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad ferdig seinast vårsemesteret 2026 (120 studiepoeng) innan medisinsk fysikk, biofysikk, informatikk eller tilsvarande
  • Erfaring med programmering, gjerne innan vitskapleg databehandling, simulering eller analyse av medisinske/fysiske data
  • Kompetanse innan modellering og numeriske metodar, til dømes matematiske eller fysikkbaserte modellar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, samt samarbeide i tverrfaglege miljø
  • Gode akademiske resultat (tilsvarande karakter B eller betre)
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk

 

Personlege eigenskapar

Ved vurdering av søknader vil det verte lagt vekt på kandidatens faglege og personlege føresetningar for å gjennomføre både forskarutdanninga og forskingsprosjektet. Vi søkjer ein kandidat som:

  • Har stor interesse og motivasjon for forsking
  • Er strukturert og sjølvstendig
  • Detaljorientert og analytisk
  • Har god arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Bidrar til eit godt samarbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Spanande arbeidsoppgåver med relevans for framtidas kreftbehandling
  • Arbeid i eit leiande og tverrfagleg forskingsmiljø innan medisinsk fysikk og protonterapi
  • Moglegheit til å arbeide ved ei moderne og «state-of-the-art» protonfasilitet i tilknyting til eit avansert kreftsenter
  • Tilgang til avansert teknologi, forskingsinfrastruktur og tett samarbeid mellom klinikk og forsking
  • Eit inkluderande og internasjonalt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Rettleiing og oppfølging frå erfarne forskarar og kliniske samarbeidspartnarar
  • Vitskapleg publisering og deltaking på nasjonale og internasjonale konferansar
  • Løn etter gjeldande satsar
  • Pensjonsordning i KLP, Eit inkluderande arbeidsmiljø (IA-verksemd)

Søknad må innehalde

  • Søknadsbrev på maksimalt ei side som beskriver din relevante ekspertise for prosjektet, dine forskingsinteresser og di motivasjon for å søkje.
  • Curriculum Vitae (oppsummering av utdanning, stillingar og akademisk arbeid)
  • Publikasjonsliste siste 5 år
  • Vitnemål.
  • Namn og kontaktinformasjon til referansar (namn, relasjon til kandidaten, e-post og telefonnummer).

Merk at alle dokumentar skal være på engelsk eller eit skandinavisk språk. 

 

I samsvar med offentleglova kan opplysningar om søkjarane bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om konfidensiell handsaming.

 

Spørsmål om stillinga:
Camilla Hanquist Stokkevåg ([email protected])
Prosjektleiar Grete May Engeseth ([email protected])

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Camilla Hanquist Stokkevåg, Forskar, +47 93617271, [email protected]

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5139901822
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 16.08.2029
Søknadsfrist: 17.06.2026