Helsefagarbeider. Fjordsyn omsorgsbustadar

Arbetsbeskrivning

Ledig fast stilling – 90 % helsefagarbeidar ved Fjordsyn omsorgsbustadar

Frå 01.08.2026 har vi ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å jobbe tett på menneske og bidra til ein trygg og meiningsfylt kvardag for eldre. Vi har ledig ei fast 90 % stilling som helsefagarbeidar ved Fjordsyn omsorgsbustadar.
Fjordsyn er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 29 trygge og tilrettelagde leiligheiter. Bustaden er ein del av avdeling heimeteneste. Her er personalet stasjonert i huset for å sikre tryggleik, stabilitet og kontinuitet for bebuarane – og for å skape eit miljø der både brukarar og tilsette kan trivast. Du blir ein del av eit fagleg engasjert team som samarbeider tett, støttar kvarandre og har fokus på kvalitet i alle ledd.

Det er for tiden todelt turnus med dag/kveld og arbeid kvar tredje helg. 

👉 Klar for ein jobb som gir både fagleg utvikling og ekte arbeidsglede?
👉 Søk no – 😄 Vi vil ha deg med på laget! 


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene er å yte helse- og omsorgstenester til bebuarane ved Fjordsyn omsorgsbustader, som har 29 leilegheiter. Som helsefagarbeidar vil du møte brukarar med ulike behov, og du skal bidra til god omsorg gjennom observasjon av brukaren sin tilstand og ved å utføre pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med gjeldande rutinar og tiltaksplanar. Personalet skal bidra med helsehjelp, aktivisering og tilrettelegging slik at bebuarane får eit godt og meiningsfylt innhald i kvardagen, og kvar einskild tilsett har ansvar for å medverke til godt samarbeid og eit positivt arbeidsmiljø. Stillinga inneber særleg ansvar for observasjon og dokumentasjon av brukaren sin helsetilstand, samt å setje i verk og følgje opp nødvendige tiltak i samarbeid med anna helsepersonell. Helsefagarbeidaren har òg ansvar for rettleiing av pleiemedarbeidarar og lærlingar/elevar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at du som tilsett skal vere trygg og kompetent i arbeidet. Dokumentasjon i pasientjournal er ein viktig del av arbeidet, tilpassa rolle og ansvar.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar er eit krav
  • Erfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt
  • Beherske norsk flytande, både munnleg og skriftleg
  • Alminnelege datakunnskapar
  • Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
  • Vi legg vekt på gode fagkunnskapar, inkludert god observasjonskompetanse
  • Krav om tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månadar før oppstart i arbeid
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Du er omsorgsfull, fleksibel og samarbeidsvillig. Du likar å arbeide med eldre
  • Du tek ansvar og trivast med å arbeide sjølvstendig
  • Du har god evne til å gjere faglege observasjonar, vurderingar og setje iverk nødvendige tiltak
  • Du tek initiativ og ansvar i arbeidet
  • Du har høg arbeidsmoral
  • Du har godt humør, og samarbeider og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vert avgjerande ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff
  • Sjølvstendig og variert arbeid
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • God opplæring, rettleiing og støtte slik at medarbeidarane er trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet
  • Internundervisning og fagleg påfyll, tilgang på e-læringskurs frå Visma Glup
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Lill Kristin Vassbotn, Seksjonsleiar, 41 40 00 27, [email protected]
Elsebeth Melle, Avdelingsleiar, +47 91130521, [email protected]

Arbeidsstad

Sevrinhaugen 4
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5140007120
Stillingsprosent: 90%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 21.06.2026