Ynskjer du ein gjevande og meiningsfull jobb med fokus på god livskvalitet i eit spanande fagmiljø med dyktige kollegaer? Då må du søkje her! Skulestadtunet- og Skulestadvegen omsorgsbustad har ledig 80% fast stilling som fagarbeidar frå 17.08.2026
Om arbeidsstaden
Stillinga er i avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne, for tida i Skulestadtunet- og Skulestadvegen. 14 omsorgsbustader med tilgang til fellesareal med fokus på ein god og trygg plass å bu. Bebuarane er aktive og fleire av dei deltek på ulike aktivitetar som til dømes fotball, musikk og symjing. Me har òg eit ambulerande team, der me gjev tenester til personar som bur i eigne bustader i nærområdet.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 4.helg, dag- og seinvakter, langvakter og kvilande nattevakt.
Me har eit fokus på kvardagsmeistring, med fokus sjølvstende og sjølvråde. Bebuarane skal få bistand til å ta eigne val ved hjelp av rettleiing og avgjerdsstøtte. Dette krev at personalet kan sjå den enkelte, og legge til rette for individuelle behov.
Me tilbyr
Kvalifikasjonar
Me ynskjer deg som :
Arbeidsoppgåver
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.