Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus er ei spesialavdeling der all utgreiing og behandling av hjartesjukdomar er samla. Hjarteavdelinga driv med høgt spesialisert utgreiing og behandling innan følgjande område; ikkje-invasiv diagnostikk og behandling, thorax-kirurgi, intensiv- og overvåking, pacing, tachyarytmi, preventiv kardiologi og kongenitt kardiologi. Utviklinga innan behandlingsmetodar er framtredande og forskingsaktiviteten er høg. Hjarteavdelinga har to store sengepostar (hjartemedisinsk og thoraxkirurgi), ei intensiv- og overvakingseining samt eining for hjarteintervensjon.
Hjartepost 4 er ein thoraxkirurgisk sengepost med 28 sengeplassar. Pasientane er elektive og øyeblikkeleg hjelp innan hjarte- og lungekirurgi, thoraxtraume og invasiv behandling. Vi har eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø med mange spennande arbeidsoppgåver.
Vi søkjer etter sjukepleiarstudentar til 15 % stilling med jobb hver 3. helg med interesse for, og gjerne med kunnskap og erfaring innan thoraxkirurgi og invasiv kardiologi.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar
- Delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gje pasientar og pårørande eit best mogeleg opphald på avdelinga
Kvalifikasjonar
- Student innan sjukepleiefaget
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Relevant sjukehuserfaring er ein fordel, men inga krav
Personlege eigenskapar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø med varierte utfordringar
- Er ansvarsbevisst og pasientorientert
- Evne til å arbeide målretta med eigne arbeidsoppgåver, samtidig å kunne arbeide godt i team
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Opplæringsvakter vil bli tilbydd før oppstart
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Kontaktinformasjon
Wenche Håvik, Ass. Avdelingssjukepleiar, 55970541,
[email protected]
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5139892775
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2026