Avdeling Psykisk helse og rus i Øygarden kommune ligg under kommunalsjefområde Helse og Velferd. RPH/kommunepsykologar består i dag av fem medarbeidarar med tverrfagleg kompetanse av psykologar og vernepleiar. Stundom har vi og studentar i praksis frå ulike bakgrunnar og ein felles leiar.
Delta i inntaksteam med å drøfte, vurdere og kartleggje nye klientar for kurs og / eller individualsamtalar. Sjølvstendig tilby og gjennomføre kognitiv terapi i kurs / gruppe / individualterapi. Vere med å halde kurs saman med kollegaer og halde foredrag. Bidra til utvikling av RPH
Kognitiv terapeut med sjukepleiar eller vernepleier grunnutdanning er ønska, andre faggrupper vil bli vurdert.
Erfaring med traumebehandling er ønskeleg.
Kontakt:
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.