Om stillinga
Vil du lage god, sunn og berekraftig mat – og trivast med ein variert arbeidskvardag med både à la carte, buffet og catering?
Spise Sammen Sogndal søkjer ein engasjert og sjølvstendig kokk til teamet vårt på campus.
Etter ei omfattande oppgradering av serveringstilbodet har vi no eit moderne og variert konsept. Vi tilbyr mellom anna ferskbakt pizza på bestilling frå vårt nye pizzahjørne, eit breitt varmmattilbod med både buffet og middagsrettar, samt eit betydeleg volum av møte- og cateringbestillingar internt på campus.
Som kokk hos oss får du ein variert arbeidskvardag med både produksjon, planlegging og gjennomføring av bestillingar. Du vil jobbe tett med kollegaer og leiar for å sikre høg kvalitet og gode matopplevingar for kundane våre.
Hos oss får du føreseielege arbeidstider måndag–fredag, sesongbaserte feriar og eit inkluderande arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå.
Arbeidsoppgåver
- Produksjon av varm og kald mat til serveringstilbodet
- Produksjon av pizza i det nye pizzakonseptet vårt
- Produksjon og klargjering av catering og møtemat
- Levering og oppfølging av catering på campus ved behov
- Bidra i dagleg drift og planlegging saman med leiar
- Salg og service ut til kunde
- Sikre kvalitet, reinhald og etterleving av IK-mat
- Bidra til godt samarbeid og eit profesjonelt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- Fagbrev som kokk og minimum 3 års relevant erfaring
- Erfaring med catering og/eller leveransar er ein fordel
- Gode kunnskapar om IK-mat / HACCP
- Beherskar norsk munnleg og skriftleg, samt munnleg engelsk
- Erfaring med enkle dataverktøy
- Du er engasjert i faget og har stoltheit for godt handverk
- Du bidreg til godt samarbeid og trivst med å jobbe i team
- Du er strukturert og kan jobbe sjølvstendig i ein travel kvardag
- Du er positiv, fleksibel og løysingsorientert
- Du har fokus på kvalitet og god service
Arbeidstid og vilkår
- 100 % stilling – 37,5 t/uke
- Skift mellom 07:00–18:30 (mandag–fredag)
- Kveld/helg kan forekomme ved arrangementer
- Lønn etter tariff
- Oppstart: August 2026 / eller etter avtale
Me tilbyr
- Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø
- God opplæring
- Løn etter tariff
- Gunstige pensjons- og forsikringsordningar
- Tilgang til firmahytte på Kvamskogen
- Betalte fridagar i påske og romjul