Personleg assistent

Arbetsbeskrivning

Om stillinga

Me søker etter ferievikarar og tilkallingsvikarar i brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Stillingane er ledige frå snarast og gjeld for ein avgrensa periode, med moglegheit for vidare arbeid som tilkallingsvikar etter endt periode. 

Brukarstyrt personleg assistanse er organisert i bu og miljø, som er ei avdeling i kommunalområdet helse og omsorg. I tiltaket er det tilsett ein sjukepleiar og seks personlege assistentar som arbeider tett saman i team.

Arbeidet som personleg assistent er variert, meiningsfull og gjevande, og inneber tett samarbeid med både brukar og pårørande. Du vil få nødvendig opplæring i prosedyrar, hjelpemiddel og andre relevante oppgåver, samt rettleiing undervegs.

Brukaren er ei glad og positiv jente på 22 år med utviklingshemming, og ho er rullestolbrukar. Ho treng bistand til daglege gjeremål både på skule og i heimen. Ho er svært glad i musikk, dans, teater, kino og konsertar, og trivst godt i sosiale settingar. Som assistent vil du vere ein del av eit stabilt team rundt henne, der samarbeid, tryggleik og relasjonar er sentrale verdiar.

Arbeidstidsordninga er tilpassa pendlarar, og vi kan tilby overnattingstad under opplæringsperiode.

BPA-ordninga har ei gunstig turnusordning med døgnvakter:

  • 3 døgn arbeid
  • 14 dagar fri
  • 4 døgn arbeid
  • 7 dagar fri (over ein 4-vekers periode)
  • Arbeid kvar 4. helg
  • Døgnvaktene inneheld passiv tid/kviletid

Assistentane følger brukaren sitt behov, og det kan i periodar vere aktuelt med arbeid på andre tider, samt i høgtider.

Arbeidstidsordninga ovanfor gjeld for faste stillingar. Vikarane vil få eigen arbeidsplan. I opplæringsperiode og i ferieavvikling kan det vere aktuelt med arbeid i høgare stillingsprosent.

Tilkallingsvikarar vert nytta ved behov, og vert kontakta ved ledige vakter.


Arbeid og ansvarsområde

Nokre av arbeidsoppgåvene:

  •  transport til ulike aktivitetar med meir
  •  praktiske og daglege gjeremål
  •  personleg stell og hygiene 
  •  måltid
  •  bruk, reingjering og vedlikehald av tekniske hjelpemidlar
  •  følge til lege og sjukehus

Me tilbyr

  • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad 
  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
  • løn etter tariff 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • minimum 6 år ansiennitet for fagarbeidarar og høgskuleutdanning
  • ekstra laurdag og søndagstillegg 
  • gratis inngang til symjehall og treningsrom i Aurlandshallen i perioden som ferievikar

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

  • fagbrev i helsearbeidarfaget / anna utdanning innan helseområdet er ein fordel, men ikkje nødvendig for tilsetjing
  • relevant erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
  • personlege eigenskapar vert vektlagt
  • førarkort klasse B er ein fordel

Me oppfordrar deg til å søke sjølv om du ikkje har formell utdanning eller erfaring. Alle vil få god opplæring og tett oppfølging.


Personlege eigenskapar

Me vil vektlegge gode samarbeidsevner og desse personlege eigenskapane: 

  • imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar 
  • trygg på deg sjølv i rolla di, ansvarsfull og tolmodig 
  • omsorgsfull, fleksibel, løysningsorientert  

Me ser etter deg som ynskjer å gjere ein skilnad, og har eit grunnleggande ynskje om å bidra til å gjere andre sin kvardag betre.

Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  


Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato

Krav til språk

Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg, minimum på B2 nivå.  Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


Generell informasjon om søknadsprosessen 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til [email protected]. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.