Spesialsjukepleiar

Arbetsbeskrivning

Dagkirurgen ved Ålesund sjukehus har ledig ei 100% fast stilling for spesialsjukepleiar med relevant vidareutdanning.

Dagkirurgi Ålesund er ei operasjonsavdeling med 6 operasjonsstover og eige overvakigslokalar. I tillegg har vi Dagkirurgi Aust med 3 operasjonsstover med behandlingar i lokal anestesi, 5 behandlingsrom og venterom. Dagkirurgi Aust er under oppbygging og vi ønskjer å ha deg med på laget som kan vere med og utvikle dette vidare. Fagområda totalt sett på Dagkirurgi Ålesund er ortopedi, kirurgi, øyre-nase-hals, gynekologi, auge, tann- og kjevekirurgi og medisinske undersøkingar med meir.

Arbeidstida er på dagtid og vi er stengt i helgar og høgtider. Dagkirurgi Ålesund held til i lyse og trivelege lokale. Vi har eit tverrfagleg arbeidsmiljø som samarbeider godt til det beste for pasientane.


Arbeidsoppgåver

  • Stillinga er ein kombinasjon med pasientretta arbeid på DK Aust og postoperativ eining på DK, her spesielt med tanke på barn.
  • På DK Aust vil ein få opplæring i å assistere og leggje tilrette for mindre inngrep i lokal anestesi.
  • I postoperativ avdeling tek vi imot pasientane, klargjer til behandling og overvåker dei før heimreise.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Spesialsjukepleiar med relevant vidareutdanning
  • Vi søkjer etter spesialsjukepleiarar med minimum 2 års erfaring, og relevant erfaring frå dagkirurgisk drift vil bli særskilt vektlagt.
  • Det er ønskeleg med erfaring med barn i eit dagkirurgisk forløp, då om lag 20 % av våre pasientar er born.
  • Må kommunisere svært godt på norsk, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein person som er fagleg engasjert, sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Strukturert
  • Gode samarbeidsevner
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Personleg eignaheit vert særs vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Dagtid
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Gunn Bente Solevåg, Seksjonsleiar, +47 70 10 54 11, [email protected]

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5075581530
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2026