Vil du vere med og utvikle betre samhandling mellom Nav, kommunane og opplæringsløp for å få fleire ut i arbeid og utdanning? Vi søkjer ein strukturert og målretta prosjektleiar som kan drive fram eit viktig utviklingsarbeid i kommunane Ørsta og Volda.
Prosjektstillinga skal bidra til betre samhandling og koordinering på tvers av Nav, kommunane og fylkeskommunen. Målet er å redusere utanforskap ved å rekruttere primært unge til arbeid i den kommunale helse og omsorgstenesta, og legge til rette for kompetanseutvikling for deltakarane i programmet. På sikt er målet å bidra til auka bemanning og ei meir berekraftig teneste
Som prosjektleiar får du eit overordna ansvar for å utvikle, koordinere og følgje opp eit felles deltakarforløp. Du skal sikre framdrift, struktur og kvalitet – både på systemnivå og i oppfølging av den enkelte deltakar
Stillinga er i første omgong eit toårig engasjement, men det kan verte høve til lenging dersom føresetnadane for det ligg føre.
Prosjektleiar skal:
Vi ynskjer at du:
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert sterkt vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Arbeidsvilkår:
Tiltreding snarast.
Ørsta kommune vil vere arbeidsgjevar, med kontorplassering Ørsta rådhus, men stillinga er ein interkommunal ressurs og skal ha virkeområde i begge kommunane.
Stillinga er plassert i HTA kap. 4.
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.