Sjukepleiar

Arbetsbeskrivning

Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har ledig 2x100% fast stilling som sjukepleiar. Oppstart etter avtale. Arbeidsstad er sjukeheim og bemanna bufellesskap. 

Sjukepleiestillingane er pt. innplassert i to og tre-delt arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg. Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune. Sjukepleiar i omsorgsdistriktet har vaktsamarbeid, og ein får soleis erfaring frå både bufellesskap, sjukeheim og heimetenester. Sjukepleiarar bemannar også legevaktsatelitt etter gjennomgått kompetansehevande kurs. Alle helse og omsorgstenster er samlokaliserte i Sandøytunet på Harøya. Det er godt samarbeid med kommunal legetenester mellom anna med arbeid i tverrfagleg helseteam som har møter to gongar i veka for samarbeid om pasientar- for gode pasientforløp. Omsorgsdistriktet er eit lokalsamfunn med fleire øyar, Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse -Nordøyvegen.
Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.

Arbeidsoppgåver

  • Sikre at bebuarar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer
  • Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen)
  • Legemiddelhandtering, medisinsk behandling og oppfølging
  • Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
  • Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar
  • Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell
  • Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar
  • Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sykepleiar
  • 3. års sykepleiestudenter kan søke, men ansettes med forbehold om godkjent autorisasjon
  • Relevant erfaring er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
  • Beherske IKT-verktøy
  • Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
  • Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
  • Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).  
  • Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm).
  • Førerkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren
  • Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
  • Et støttende og engasjert kollegialt miljø
  • Sjølvstendig og samarbeidsorientert
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Nytenkande og endringsvillig
  • Personlege eigenskaper blir vektlagt
  • Vilje til å stå på for gode tenester

Vi tilbyr

  • Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter virksomhetens behov
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
  • Pensjonsordning i henhold til tariff
  • Bedriftshelsetjeneste
  • IA bedrift
  • Gratis parkering

Kontaktinformasjon

Renate Finnøy, Verksemdsleiar Sandøy, [email protected]

Arbeidsstad

Austrevegen
6296 Harøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5138938683
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.06.2026