Psykolog/psykologspesialist   vikariat

Arbetsbeskrivning

Alver kommune har ledig eit vikariat som kommunepsykolog for barn og unge. Vikariatet varer til august 2027.

Hos oss vert du ein del av eit fagmiljø med fire psykologar som arbeider for å styrkje kvaliteten i kommunen sitt heilskaplege arbeid innan psykisk helse og rus. Vi søkjer deg som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, der du får kombinere klinisk arbeid, førebygging, rettleiing og tverrfagleg samarbeid.

Arbeidsstaden er i Knarvik, om lag 30 minutt nord for Bergen. Her held vi til i nytt helsehus, samlokalisert med mellom anna BUP, DPS, legar, helsestasjon, PPT og barnevern. Dette gir gode vilkår for samarbeid og for å byggje heilskaplege tilbod rundt barn og familiar.

Som kommunepsykolog for barn og unge vil du arbeide både direkte med barn, ungdom, foreldre og familiar, og bidra inn i kommunen sitt samla psykiske helsetilbod. Stillinga passar for deg som trivst med ein variert arbeidskvardag og ønskjer å jobbe både behandlingsnært og systemretta.

Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere å:

  • gi oppfølging til barn, unge og familiar med psykiske helseutfordringar eller byrjande vanskar
  • bidra i lågterskeltilbod og arbeid med tidleg innsats
  • rettleie og støtte tilsette i kommunale tenester
  • samarbeide tett med andre faggrupper og samarbeidspartnarar i og utanfor kommunen
  • delta i undervisning, gruppetilbod og fagutvikling ved behov

Kvalifikasjonskrav

  • norsk autorisasjon som psykolog
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • førarkort klasse B
  • Det er positivt om du er psykologspesialist, men det er ikkje eit krav.

Kven vi ser etter?

Vi ser etter deg som er fagleg trygg, samarbeidsorientert og oppteken av å finne gode løysingar saman med barn, foreldre og andre fagpersonar. Du må kunne arbeide sjølvstendig, men òg trivast i eit tverrfagleg miljø der samarbeid er ein viktig del av kvardagen.

Det er ein fordel om du:

  • har erfaring frå arbeid med barn og unge
  • er komfortabel med oppfølging av barn og foreldre
  • kjenner deg trygg i undervisning, rettleiing eller leiing av grupper

har interesse for førebyggjande og systemretta arbeid


Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Kvifor velje Alver kommune?

Hos oss får du høve til å utgjere ein reell skilnad for barn og unge, samstundes som du vert del av eit godt og samansveisa fagmiljø.

Vi tilbyr:

  • eit etablert psykologmiljø med gode strukturar for samarbeid og rettleiing
  • ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
  • tett samarbeid med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta
  • løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • god pensjonsordning

Vi er Alver

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar! 

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune