Vil du vere ein nøkkelperson i sikring av tryggleik, kvalitet og profesjonalitet i eit av Noregs travlaste arrestmiljø?
Ønskjer du å bli leiande arrestforvarar?
Har du gode kommunikasjonsevner og klarer å halde roa i krevjande situasjonar? Har du evna til å tenkje sikkerheit og samstundes vere ein god omsorgsperson? Er du i tillegg reflektert og likar ein utfordrande kvardag? Då kan stillinga som leiande arrestforvarar i Bergen vere jobben for deg!
Vest politidistrikt, FOT – Felles eining for operativ teneste, har for tida ledig ei fast stilling som leiande arrestforvarar (stillingskode 1342). Stillinga inneber for tida 3-delt turnus med dag-, kvelds- og nattarbeid, og kvar tredje helg.
Seksjon for arrest og framstilling består av erfarne medarbeidarar med solid bakgrunn frå etaten og med høg kompetanse. Tenesta er til tider utfordrande, og våre tilsette må vise fagleg innsikt, forståing, sjølvstende og avgjerdsevne. Du står likevel aldri åleine – i eit miljø med godt samarbeid og tydeleg struktur. Arrest- og framstillingsseksjonen består av dyktige og erfarne arrestforvararar, leiande arrestforvararar, fagleiar og seksjonsleiar. Her jobbar du tett på menneske, fag og leiing.
Arrest- og framstillingsseksjonen sitt hovudansvar er ein viktig del av politiet sitt samfunnsoppdrag, ved dagleg ivaretaking av:
• Arrestantane sitt liv, helse og rettstryggleik
• Sikring av menneskeverd og personvern
• Praktisering av regelverk for innsetjing og opphald på ein trygg, einsarta og profesjonell måte
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag skal vi førebyggje og kjempe mot kriminalitet, skape tryggleik og ta vare på rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidreg til betre oppgåveløysing, og søkjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidshardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
I arbeidsutføringa vil du møte mange ulike menneske. Nokre har gjort alvorlege kriminelle handlingar, andre er i aktiv rus, nokre har psykiske lidingar og andre åtferdsvanskar. Evne til sikkerheitstenking og grensesetjing er ein viktig del av arbeidsutføringa. Det same gjeld omsorg for menneske i djup krise. Du som tilsett må kunne reflektere rundt omgrep som sikkerheit, omsorg, isolasjon og fridomsfråtaking.
Vidare søkjer vi deg som til ei kvar tid opptrer profesjonelt og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom haldningane og handlingane dine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum er avgjerande for å lukkast i organisasjonen vår. I vurderinga av kandidatar vil vi mellom anna leggje vekt på dette, samt evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved vurderinga av om du er skikka for teneste i politiet, kan det bli henta inn opplysningar om deg frå registra til politiet.
Vi søkjer deg som har:
Motivasjon og personleg eignad for stillinga vil bli lagde vekt på.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Stillinga vert lønna som leiande arrestforvarar ( stillingskode 1342) frå 650 000,- .
For tida tilkommer ATB-tillegg tilsvarande kr. 44 708,- brutto per år. Tillegg for kveld/natt og helgearbeid tilkjem. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.