Palliativt senter har ledig 100% stilling for LIS 2/3
Vi søkjer etter legar med interesse for fagområdet palliativ medisin.
Rettleiing og undervisning for utdanningsstillinga LIS vil bli gitt i samsvar med krava til Kompetanseområde palliativ medisin. Kompetanseområde palliativ medisin er ei påbygging etter spesialistgodkjenning.
Det er etablert vaktordning for legar ved Palliativt senter, frå hausten 2026 vil denne vere sjudelt. Det er til saman om lag 9 legeårsverk ved palliativt senter. Ut frå klinisk kompetanse og erfaring kan LIS bli del av vaktordninga, etter individuell vurdering i løpet av tilsetjingsperioden.
Palliativt senter og Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) utgjer det regionale palliative senteret i Helseregion Vest. Frå august 2026 vil begge desse einingane vere organisatorisk plassert i Kreftklinikken, Helse Bergen og palliativt senter blir flytta frå Glasblokkene til Marie Joys hus.
Palliativt senter består av palliativ sengepost og palliativt team. I tillegg til drift av palliativ sengepost og poliklinikk er seksjonen i hovudsak ei konsulenteining som vurderer pasientar innlagd i sjukehuset (palliativt team), gir råd til spesialisthelsetenesta og dei kommunale helse- og omsorgstenestene og gir undervisning innanfor det palliative fagområdet. Legegruppa roterer mellom dei ulike oppgåvene.
Vi legg vekt på tverrfagleg samarbeid og dei yrkesgruppene som er tilsett i eller knytt til avdelinga er sekretærar, sjukepleiarar, legar, psykologar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, musikkterapeut, sosionom og prest.
Dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar til LIS stillinga, kan cand med søkje på stillinga, med mellombels tilsetjing i inntil eitt år.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.