UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAVed Institutt for klinisk og biologisk psykologi, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med 25 % karrierefremmande arbeid (undervisning, rettleiing, sensur m.m.). Stillinga er finansiert av UiB. Arbeidsstad for stillinga er i Bergen. Oppstart i stillinga er seinast januar 2027.
Institutt for klinisk og biologisk psykologi er eitt av fire institutt ved Det psykologiske fakultet og har omfattande fagleg aktivitet knytt til forsking og undervising innan klinisk psykologi, biologisk psykologi, nevrovitskap og logopedi.
Instituttet vil nytte universitetsstipendiatstillinga til å styrke forskingsområda ved instituttet. Prosjektet må ha eit tema som instituttet kan tilby rettleiing i, og dreie seg om anvendt forsking eller basalforsking med klinisk relevans innan psykologi eller logopedi.
Forskingsprosjektet til stipendiaten må utviklast og gjennomførast i samarbeid med ein aktuell hovudrettleiar ved instituttet. Som søkjar bør du så tidleg som mogleg ta kontakt med aktuelle vitskapleg tilsette ved instituttet, eller du kan ta kontakt med instituttleiar, som kan vise deg til relevante kontaktpersonar. Stipendiaten blir delaktig i fag- og forskingsmiljøet ved instituttet.
Dersom du vil søke på stillinga, må du ta kontakt med potensiell rettleiar eller forskingsgruppe, og utvikle ei prosjektskisse (sjå programskildringa for ph.d.-programmet for krav til prosjektskisse)
Tilsetting som stipendiat skjer på grunnlag av tidlegare utdanning, erfaring frå forsking og undervisning i høgare utdanning, eventuelle vitskaplege arbeid og kvaliteten på prosjektplanen for doktorgradsprosjektet. Sjølve forskingsprosjektet kandidaten søker om, vil bli vidareutvikla i samråd med rettleiarar og forskingsgruppe.
Stipendiaten vil bidra inn i undervisinga ved eitt eller fleire av studieprogramma ved instituttet: masterprogram i logopedi, profesjonsstudiet i psykologi, masterprogram i psykologi (studieretning åtferd og nevrovitskap), bachelorprogram i psykologi og årsstudiet i psykologi
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Du må:
Du bør:
Det er normalt eit krav om karakter B eller høgare på masteroppgåva for opptak i ph.d.-programmet ved fakultetet. Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. Sjølve tilsettingsprosessen, inkludert intervju av aktuelle søkarar, vil gå føre seg på norsk.
Arbeidsstaden for stillinga er i Bergen, og ein føreset at ein er til stades ved Institutt for klinisk og biologisk psykologi. Instituttet vil gje arbeidsplass i eitt av dei to bygga instituttet held til i, avhengig av kvar rettleiar/fagmiljø har sin hovudarbeidsplass (Alrek helseklynge eller Bygg for biologiske basalfag).
Om stipendiatstillinga: Samla stipendperiode er 4 år. Minst tre årsverk skal vere dedikert til doktorgradsarbeidet. Resten av tida blir sett av til anna karrierefremmande arbeid ved instituttet (bl.a. undervisningsaktivitet) som skal bidra til at du kvalifiserer deg for relevante karrierar som krev forskingskompetanse. Du kan ikkje tidlegare ha vore tilsett i ein åremålsperiode som stipendiat ved Universitetet i Bergen
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Dersom UiB ikkje har mottatt svar på søknad om eksportlisens innan 6-12 veker, vil eit eventuelt tilbod om tilsetting annullerast.
Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du gjennomføre ph.d.-programmet ved Det psykologiske fakultet innan ei tidsramme på tre år. Ved vurdering av dine kvalifikasjonar til stillinga og av prosjektskissa vil du også bli vurdert for opptak til ph.d.-programmet.
Meir om ph.d.-utdanninga ved Det psykologiske fakultet finn du her.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må du lastaste opp i Jobbnorge.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
-Instituttleiar Frøydis Morken, Institutt for klinisk og biologisk psykologi, [email protected], +47 55586287
- Administrasjonssjef Bjørn Olav Telnes, Institutt for klinisk og biologisk psykologi, [email protected], +47 55588287
- Forskingsgruppeleiar i aktuell forskingsgruppe – sjå nettside til forskingsgruppe for kontaktinfo.
- Praktiske og tekniske spørsmål om søknadsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Eli Winther ([email protected])
- Den som vert tilsett vert tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til seksjon for forsking ved Det psykologiske fakultet (Forskningsseksjonen | Det psykologiske fakultet | UiB)
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5