Seksjonsleiar

Arbetsbeskrivning

Seksjon for ambulante tenester psykisk helse DPS Volda søker ny seksjonsleiar.

Ambulante tenester er ein viktig del av tilbodet til pasientar med psykiske lidingar. Seksjonen består av to team, Akutt heimebehandlingsteam (AHT) og eit nyoppretta FACT-team. Seksjonen held til i flotte lokale midt i Volda sentrum.

Seksjonsleiar deltek i leiargruppa for avdeling for DPS Sunnmøre, og har avdelingssjef som næraste overordna.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for det faglege tilbodet samt økonomi, personal og aktiviteten i teama
  • Ansvar for å vidareutvikle dei ambulande tenestane i seksjonen
  • Delta i møte i avdelinga si leiargruppe saman med dei andre leiarane i avdeling for DPS Sunnmøre
  • Delta på ulike samarbeidsfora internt og eksternt

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som lege, psykolog eller 3-årig utdanning innen helse- og sosialfag med videreutdanning innen psykisk helse
  • Søkjarar med andre videreutdanninger kan også søke
  • Leiarerfaring er ein fordel, men ikkje naudsynt
  • Gode norskspråklige ferdigheiter både munnleg og skriftleg
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du må vere målretta
  • Du må ha evne til å ha fokus på fleire ting på ein gong
  • Du må vere god på å arbeide sjølvstendig, men samtidig kunne samarbeide og spele andre god
  • Du er ein person som skapar engasjement
  • Du må evne til å vere tydelege og stille krav
  • Du må ha evne til å leie andre mot fastsette mål
  • Du må vere oppteken av å utvikle tenesta med pasienten i sentrum og i tråd med nasjonale føringare

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her. - Og her.

Kontaktinformasjon

Eirik Molvær, Avdelingssjef, +47 70 16 73 00, [email protected]

Arbeidssted

Hamnegata 20
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5135737561
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026