SERVICEINNSTILT, INSPIRERANDE OG RESULTATORIENTERT BUTIKKSJEF
I Vinmonopolet er vi opptatt av det beste kundemøtet. Våre tilsette skal vere kjende for høg kompetanse og god service.
Vi ser etter ein leiar som er lidenskapelig opptatt av kundeservice, og som har evne til å utvikle og inspirere sine medarbeidarar. Saman skal de skape gode resultat i eit raust, solid og dynamisk arbeidsmiljø. Du vil ha oppfølgingsansvar for filialen vår i Vanylven, og noko reiseverksemd dit må påreknast. Stillinga inneber arbeid annakvar laurdag.
Ønska kvalifikasjonar:
Vi stiller høge krav til leiarane våre, og du må kunne kjenne deg igjen i leiarprinsippa våre: inspirere og involvere, balansere, utvikle og utfordre.
Dersom du i tillegg er interessert i mat og drikke, og med iver etter å lære meir, kan dette vere stillinga for deg.
Vinmonopolet har som mål å være landets ledende faghandel og Noregs beste arbeidsplass. Det skal vi oppnå gjennom å gi de beste kundemøta, sikre effektiv drift og skape arbeidsplassar med god trivsel.
Kontakt distriktssjef Linda Marie Tilly på telefon 47242575 om du vil vite meir om stillinga.
Søknad med CV blir å sende elektronisk via lenke på denne sida (Søk stillinga).
Søknadsfrist: 28.06.2026
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Du må vere over 20 år for å jobbe hos oss, men elles ønskjer vi oss medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse og livserfaring og ulike perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysingar.
Tilsetjing i Vinmonopolet skjer på dei vilkåra som til kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffar. Vinmonopolet er omfatta av føresegnene i offentleglova om rett til innsyn i søkjarlister. Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Ein søkjar kan bli ført opp på søkjarlista sjølv om vedkommande har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vil i så fall bli varsla før søkjarlista blir offentleg.
Les meir om personvern i Vinmonopolet: https://www.vinmonopolet.no/personvern
Har du problem med å sende elektronisk søknad, ta kontakt med Jobbnorge sin kundeservice tlf. 75 54 22 20. Vitnemål og attestar blir å ta med til eit eventuelt intervju.