Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

Arbetsbeskrivning

Kirurgisk seksjon ved Voss Sjukehus har ledig stilling som helsefagarbeidar/hjelpepleiar i vår sengepost. 

Me ser etter deg som er klar for ein spennande og variert jobb med fagleg breidde, tett på pasientane! 

Kirurgisk/ortopedisk sengepost
Kirurgisk og ortopedisk sengepost er ein heildøgnspost med pasientar innan fagområda gastrokirurgi, generell kirurgi, ortopedi og gynekologi. Me har både elektiv verksemd med planlagde operasjonar og tek imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp, noko som gjev ein variert og lærerik arbeidskvardag. Sengeposten har open kontaktfunksjon og solid kompetanse innanfor palliasjon og kreftomsorg. Eininga er ein del av Kirurgisk seksjon - ein aktiv og tverrfagleg arbeidsplass. Arbeidet er organisert i 2-delt turnus med arbeid kvar tredje helg. 

Voss Sjukehus
Voss sjukehus eit lokalsjukehus med akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, føde- og gynekologi. Her møter du ein kvardag prega av høg aktivitet, faglege utfordringar og gode moglegheiter for utvikling. Me har eit arbeidsmiljø kjenneteikna av tett samarbeid, sterk lagånd og stort engasjement. Som ein viktig leverandør av spesialisthelsetenester til 31 000 innbyggjarar, har me ei sentral rolle i regionen. Samstundes samarbeidar me tett med Haukeland universitetssjukehus, noko som sikrar god pasientflyt og fagleg støtte.

https://www.helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/#les-meir-om-voss-sjukehus

Voss er mellom anna kjent for spektakulær natur og eit rikt kulturliv. Er du glad i friluftsaktivitetar eller eit variert kulturtilbod så finn du det berre nokre steinkast frå sjukehuset.


Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg omsorg og pleie til inneliggande pasientar
  • Kontakt med pasient og pårørande
  • Aktivt samarbeid i tverrfaglege team
  • Oppgåver knytt til kjøkken, matservering og anna førefallande arbeid i seksjonen
  • Oppfølging av lærlingar innan helsefag

Kvalifikasjonar

Du 

  • har norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar
  • kommuniserer godt på norsk, munnleg og skriftleg

Me ynskjer oss

  • at du har relevant erfaring
  • har kjennskap til IKT-verktøya knytt til pasientbehandling i spesialisthelsetjenesten.

Personlege eigenskapar

Du

  • er fagleg nysgjerrig og tek ansvar
  • trivst med teamarbeid, men jobbar òg sjølvstendig
  • møter pasientar og pårørande med respekt, tryggleik og empati
  • bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • kommuniserer klart og tydeleg med både pasientar, pårørande og kollegaer
  • er påliteleg og nøyaktig

Me tilbyr

  • Fast heiltidsstilling om du ynskjer det
  • Sterkt fagmiljø og godt arbeidsmiljø
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Opplæring etter plan
  • Løn, pensjon og forsikring etter avtaleverk

Me oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ingrid Tennebekk Bjørke, Assisterande seksjonsleiar, 97050485, [email protected]
Gunn Iren Hovda Engvold, Assisterande direktør, +47 41694311, [email protected]

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16
5704 Vossevangen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5140775376
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.06.2026