Om stillinga
- Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Me gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansetteutfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.Hauge bustad har no ein ledig stilling på 68,57 % storleik som vakande nattevakt med arbeid kvar 4. helg.Vi som arbeider ved Hauge bustad ønskjer oss ein ny kollega som både kan, vil og ønskjer å bidra med fagleg engasjement og omsorg. Det er viktig at du er ein trygg og roleg person som kan gje god omsorg til andre menneske, og er god på relasjonsbygging og kommunikasjon.Stillinga er ledig frå 1. august 2025. Om du tenkjer at dette kunne vere noko for deg, ønskjer vi veldig gjerne å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Bidra til omsorg, pleie og målretta miljøarbeid.
- Følgje opp tiltak og prosedyrer.
- Oppdatere og vedlikehalde ulike prosedyrar.
- Medikamenthandtering.
- Journalføring - avvikshandtering.
- Førefallande arbeid.
Vi tilbyr
- Varierte arbeidsoppgåver.
- God opplæring.
- Inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Høg fagleg kunnskap hos dine kollegaer.
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår som tilsett i Osterøy kommune.
- Du vil i aller høgste grad få ein arbeidskvardag med viktig og meiningsfylt arbeid!
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev innan helsefag/barne-og ungdomsarbeidar.
- Interesse for omsorgsfag og arbeid med mennesker med utviklingshemming
- Det er ønskjeleg med erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming.
- Må kunne arbeide sjølvstendig.
- Kjennskap til kap 9 tvang og makt er ønskjeleg.
- Sertifikat klasse B er ønskeleg.
- Personleg egnethet vil verta vektlagt.
- Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltreding.
- Søkjarar utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.
Kven er du?
- Du er punktlig og til å stole på.
- Du er ansvarsbevisst.
- Du er nysgjerrig, open og har evne til å reflektere.
- Du er god på å samarbeide med andre.
- Du har gode kommunikasjonsferdigheter og er lett å prate med.
- Du er pålitelig, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar!
- Du er fleksibel og gjer det som trengs.
- Du er lojal mot felles beslutningar.
- Du spør når det er noko du er usikker på.
- Du har god skriftleg framstillingsevne og gode datakunnskapar.
- Personlig egnethet vil verta vektlagt
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!