Er du klar for å jobbe 2 veker og nyte 3 veker fri?
Fjord1 har no ledig stilling som matros i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, p.t. MF Julsund.
Arbeidsordninga er 12‑timarsvakter med ei veke dag og ei veke natt, etterfølgd av 3 veker fri.
Reise utover 30 km til og fra arbeidsperiode blir dekket etter avtale med arbeidsgiver.
Det vil vere ein fordel å bu lokalt, då det ikkje er mogleg å bu om bord.
Tilsetjing skjer etter avtale, med ønske om oppstart juli/aug.
Aktuelle kandidater blir kontaktet fortløpende.
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Ferdigheitssertifikat matros eller nødvendig fartstid for å kunne tjenestegjere som matros
- Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper skriftlig og muntlig
Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg matros med gode samarbeidsevner, og eit høgt fokus på tryggleik. Du må vere ansvarsbevisst, fleksibel og kunne handtere varierte arbeidsoppgåver både sjølvstendig, og som del av eit team.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjømannsforbund.
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Skiftordning: 12 timar på og 12 timar av – 1 veke dag og 1 veke natt. 2 veker på jobb og 3 veker fri.
- Reise utover 30 km til og fra arbeidsperiode blir dekket etter avtale med arbeidsgiver.
- Attraktive velferdsordningar: Firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896,
[email protected]
Arbeidssted
Fv49
5414 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 AS
Referansenr.: 5140991992
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2026