Helgestilling for sjukepleiarstudent

Arbetsbeskrivning

Helgestilling for sjukepleiarstudent, helsefagarbeidar og sjukepleiar – få verdifull erfaring frå medisinsk observasjon

Vi har ledig to faste helgestillingar på 15 %, med arbeid dag, kveld og natt kvar tredje helg. Stillingane passar særleg godt for deg som er sjukepleiarstudent på 2. eller 3. året, men autoriserte sjukepleiarar og helsefagarbeidarar er også velkomne til å søkje.

Hos oss får du verdifull erfaring med pasientar som treng tett observasjon, behandling og oppfølging. Medisinsk observasjonspost har 8 senger og 4 behandlingsstolar, og vi tek imot pasientar frå 12 år og oppover med uavklarte medisinske problemstillingar.

Pasientane kan til dømes ha brystsmerter, mistanke om hjartrytmeforstyrring, behov for observasjon i samband med undersøking, intoksikasjon eller andre akutte medisinske forløp. Posten har kort liggjetid og stort pasientomløp gjennom døgnet.

Dette er ei stilling der du får lære mykje, jobbe tett med erfarne kollegaer og bli tryggare i møte med pasientar som treng rask vurdering og god oppfølging.

👉 Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt ved Medisinsk observasjonspost. Søk gjerne – vi ser fram til å bli betre kjent med deg.


Kva går jobben ut på?

Hos oss vil du mellom anna:

  • gi pleie og oppfølging til innlagde og polikliniske pasientar med behov for behandling og observasjon
  • delta i pasientforløpet i samarbeid med sjukepleiarar, legar og andre faggrupper
  • observere, rapportere og bidra til trygg pasientbehandling
  • bidra i rettleiing av studentar og nye kollegaer, ut frå di eiga erfaring og rolle 

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Vi ser etter deg som er:

  • sjukepleiarstudent på 2. eller 3. året
  • autorisert sjukepleiar eller helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg. 

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • samarbeider godt og bidreg til eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • er ansvarsbevisst og klarer å prioritere når det skjer mykje
  • arbeider sjølvstendig, men spør om hjelp når du treng det
  • tek initiativ og viser engasjement i møte med pasientar og kollegaer
  • møter pasientar med ro, respekt og interesse

Personlege eigenskaper vil bli vektlagd. 

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • ei helgestilling med mykje læring og brei medisinsk erfaring
  • tett samarbeid med erfarne sjukepleiarar og andre faggrupper
  • ein arbeidsplass med stort fagleg spenn og varierte arbeidsoppgåver
  • eit miljø som er i utvikling, der vi jobbar saman for å gi god og trygg pasientbehandling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Frank Terje Haugen, Funksjonsleder, 91638926
Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, [email protected]

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5133631840
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 15.06.2026