MBF er ei av totalt åtte einingar i Laboratorieklinikken ved Helse Bergen, og har om lag 370 tilsette. Avdelinga er organisert i 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegrupper (seksjon for medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og seksjon for klinisk farmakologi), samt NAPOS, NOKLUS Vest og RELIS
Avdelinga utfører ei rekkje analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.
Seksjon for automatiserte analysar har ansvar for avdelinga sine store automatiserte analyseinstrument som nyttast på døgnbasis. Analyserepertoaret er breitt både innan medisinsk biokjemiske analysar og lege- og rusmiddelanalysar.
Det er ledig vikariat i perioden 24.06.26–13.01.27 med moglegheit for forlenging.
Kandidatar kan bli kontakta undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga vil vere knytt til c8100 (Pre/post analyse) og c8000 (Analyseinstrument)
- Stillinga vil innebere utvida vedlikehald, inkludert service av ulike komponentar, knytta til c8100/c8000.
- Stillinga inngår i eit team av 4 fagansvarlege bioingeniørar som deler oppgåvene knytta til dagleg drift av instrument ved seksjonen
- I tillegg inngår rettleiing og opplæring av bioingeniørar ved seksjonen, og ein må delta i det daglege arbeidet ved seksjonen
Kvalifikasjonar
- Autorisert bioingeniør med høveleg bakgrunn og minst 2 år med erfaring frå tilsvarande laboratorium
- Det er ein fordel med god kjennskap til seksjonens instrument, mellomvare og metodar
- Søkarar må ha god datakunnskap og tallforståing
- God teknisk innsikt til å kunne forstå korleis dei ulike instrument ved seksjonen fungerer
Personlege eigenskapar
- Ein må kunne arbeide både i gruppe og sjølvstendig
- Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
- Interesse for utvikling og forbetringsarbeid
- Evne til raskt å settj seg inn i nye saksområde
Vi tilbyr
- Grundig opplæring og innføring i oppgåvene vil bli gitt
- Stillinga inngår i laboratoriet sin vaktturnus
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Solveig Haugstad, Seksjonsleiar, 55973143,
[email protected]
Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 99235074,
[email protected]
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5137152081
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 18.06.2026