Vi har ledig fast stilling i 80 % som sjukepleiar/vernepleiar i miljøterapeutisk team i tenesteområde Psykisk helse og rus. Stillinga er på dagtid, med unntak av ei helg i månaden der ein er knytt opp til omsorgsbustader med tilgang til personal.
Psykisk helse og rus er eit tenesteområde i kommunalområde Livsløp. Andre tenester i kommunalområdet er bla. NAV, fysio- og ergotenester, legetenester, integrering, samt tenester for barn og unge, som helsestasjon, barnevern og pedagogisk fagsenter.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med mål om gode, heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarane. Psykisk helse og rus er eit satsingsområde i kommunen og har særleg jobba med å utvikle og å differensiere tenestetilbodet. Målsettinga for tenesta er å bidra til at personar i målgruppa opplever meistring i eige liv ut frå dei føresetnadane ein har.
Arbeidsoppgåver
- Yte tenester til menneske med psykiske lidingar og rusutfordringar
- Hjelp og støtte som t.d samtalar og/eller praktisk bistand
- Tverrfagleg samhandling med med aktuelle tenester og pårørande
- Målretta miljøarbeid med fokus på meistring og sjølvstende
- Medikamenthandtering
- Bruk av ulike digitale verktøy
- Levere tenester ut frå gjeldande lovverk
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis bachelor i sjukepleie/vernepleie
- Ønskeleg med vidareutdanning innan psykisk helse og/eller rus
- Ønskeleg med erfaring frå målretta miljøarbeid eller frå psykisk helse og rus
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse
- Må ha sertifikat kl. B
Personlege eigenskapar
- Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
- Evne til å bygge gode og trygge relasjonar og stå i det når ein blir utfordra
- Evne til å jobbe målretta og strukturert
- Fleksibel og løysingsorientert
- Reflektert, uredd, tolmodig og endringsorientert
Vi tilbyr
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver
- Moglegheit til å vere med å utvikle tenestetilbodet
- Fagleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø i ein organisasjon i utvikling
- IA-avtale
- Pensjonsordning
- Løn og tilsetjing på kommunale vilkår
Kontaktinformasjon
Anita Lianes, Avdelingsleiar, 92665490,
[email protected]
Elly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565,
[email protected]
Arbeidsstad
Brattvåggata 19
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5137922901
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 28.06.2026