Tennfjord barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader med kort veg til både skog, fjell og fjøre, som vi aktivt brukar gjennom heile året. Barnehagen har 83 barn og 24 tilsette, fordelt på fem basar. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, lang erfaring og stort engasjement. Vår visjon er: «Vi gjer kvarandre gode».
Vi søker deg som er ein trygg og tydeleg vaksen, og som møter barn med omsorg, leik og engasjement. Du trivst med å vere aktiv saman med barna og tek del i kvardagen med initiativ og glede. Samstundes bidreg du til eit godt samarbeid i personalgruppa og til eit positivt arbeidsmiljø. Det er viktig at du både kan arbeide sjølvstendig og vere ein god lagspelar. Hos oss får du høve til å vere med og skape ein trygg og utviklande kvardag for barna.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med fokus på gode og heilskaplege tenester. Vi arbeider fleksibelt og på tvers for å sikre kvalitet for innbyggarane våre – og vi spelar kvarandre gode. Vi håpar å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn
- Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
- Bidra til at kvart enkelt barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
- Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga / basen, innanfor det gjeldane loveverket og rammene ein har blitt einige om
- Delta aktivt i barnehagen sitt endrings- og utviklingsarbeid
- Omsette teoretisk kunnskap til praksis og ta fagleg initiativ i det daglege arbeidet
- Gjennomføre systematisk observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar
- Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande og vise forståing og respekt
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, og erfaring frå barnehage, men dette er ikkje eit krav
- Levere godkjent politiattest av nyare dato
- Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle språkkrav, jamfør Barnehagelova §27
- Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningslinjer
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som har evne til å:
- Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring
- Jobbe sjølvstendig
- Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidet
- Halde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass og elles vere fagleg oppdatert
- Jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
- Vere bidragsytar på personalmøte og planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
- Reflektere over eige arbeid og søke rettleiing ved behov
- Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
- Sette seg personlege mål og vere synleg i gruppa
- Vere ein aktiv, leiken, engasjert og trygg vaksen.
- Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
- Halde tidsfristar, møte presis på jobb og vere klar når vakta startar
- Vere ein god rollemodell vere ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar og gode referanser vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju
Vi tilbyr
- Eit utviklingsorientert fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
- Løn etter gjeldande tariff
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Gro Olsen Jenssen, Styrar, 95199275,
[email protected]
Arbeidsstad
Trolldalssletta 18
6264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5135825713
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 21.06.2026