Er du klar for å gjera ein forskjell?

Arbetsbeskrivning

Barnehagane i Vindafjord søkjer no etter ein engasjert og varm spesialpedagog som ønskjer å arbeida tett på barn som treng litt ekstra rettleiing og støtte i kvardagen. Du blir ein nøkkelperson i barnet sin kvardag- ein trygg vaksne som ser, støttar og legg til rette for meistring, utvikling og glede. Stillinga er eit 100% vikariat frå 1.8. 2026- 31.7.2027 med moglegheit for forlenging.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Du får jobbe individuelt og eller arbeide i grupper med barn gjennom dagen
  • Du har planlegging og gjennomføring av tilpassa aktivitetar
  • Du får samarbeid med pedagogisk leiar, spesialpedagogisk team og føresette
  • Du bidrar til eit inkluderande og utviklande miljø
  • Du har ansvar for dokumentasjon og vurdering av tiltak

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Kvalifikasjonar:

  • Du har ei utdanning som spesialpedagog eller anna relevant pedagogisk utdanning
  • Du har erfaring frå arbeid med barn med særlege behov er ein fordel
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftsspråket i kommunen er nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Du er ein trygg relasjonsbyggar som skapar ro og tillit
  • Du er ein tålmodig og tilpassingsdyktig person som møter barnet der det er
  • Du er ein observant fagperson som fangar opp små signal og behov
  • Du er ein lagspelar som samarbeidar godt med føresette, kollegaer og faginstanser
  • Du er ein som trivst med å jobbe både sjølvstendig og strukturert

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her