Universitetet i Stavanger har ledig eit vikariat som studiekonsulent ved Det helsevitskaplege fakultetet, fakultetsadministrasjonen, fram til og med 30.06.2027.
Som studiekonsulent får du ein variert, spennande og tidvis travel kvardag, der du arbeider tett med studentar som tek høgare utdanning innan helsefag. Stillinga omfattar studieadministrative og studierelaterte oppgåver, primært knytte til bachelorprogrammet i sjukepleie. Andre oppgåver kan òg leggjast til stillinga. Fakultetsdirektør er næraste overordna.
Du må ha:
Vidare blir det lagt vekt på at du:
Mangfald er ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet ved UiS. Når vi har ulike bakgrunnar og erfaringar, kan vi sjå utfordringar frå fleire vinklar og finne betre løysingar. På UiS er vi opptatt av å vise respekt for kvarandre med dei ulikskapane vi har, og vi legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Vi tek omsyn til behova dine og situasjonen din i ulike livsfasar.
Om du synest stillinga er interessant, oppmodar vi deg til å søkje, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utanfor arbeidslivet ei tid.
Er det kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, inviterer me minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. Kjenne du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår. Les meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne.
Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.
Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 100 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.
Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.