Organist inntil 30 %

Arbetsbeskrivning

Storfjorden kyrkjelege fellesråd søkjer etter Organist i inntil 30% fast stilling. Hovudoppgåvene blir å spele i gudstenester og kyrkjelege handlingar i fellesrådsområdet, med hovudvekt i Stranda og Stordal sokn. Det bur mange dyktige musikarar og songarar i kyrkjelydane som ein kan samarbeide med.

Hva vi ser etter

  • Vi ønsker ein person med godkjend kantorutdanning i hht tenesteordning for kantorar, eller med anna relevant utdanning / erfaring innan kyrkjemusikk.

  • Må beherske ulike musikksjangrar. Ønskeleg med erfaring frå kor- og konsertarbeid, samt arbeid med born og unge.

  • Beherske norsk munnleg

  • Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja og disponere eigen bil.

  • Personlege eigenskapar som at du er ein allsidig musikar som kan bidra inn i det kyrkjebyggande arbeidet

  • Du må kunne arbeide godt sjølvstendig og i samarbeid med andre.

  • Politiattest må kunne framleggast i henhald til Trussamfunnslova §20

Arbeidsoppgaver

  • Teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar.

  • I samarbeid med staben og frivillige medarbeidarar delta i annan kyrkjemusikalsk verksemd i kyrkjelydane, m.a. konsertar, jule- og påskevandringar, trusopplæringstiltak, kor, fellesskapssamlingar og stabsmøter.

  • I samarbeid med våre kantorar bidra til eit variert og allsidig song- og musikkliv i kyrkjelydane, i samsvar med råda sine gjeldande mål og planar.

Vi tilbyr

  • Ein god og triveleg arbeidsplass med kontor i Stranda

  • Godt fellesskap og samarbeid med frivillige, sokneråd og lag i bygdene.

  • Tilsetjingsvilkår og løn etter gjeldande tariff og avtalar.

  • God pensjonsordning i KLP

  • Tiltreding snarleg