Helsesekretær/sekretær

Arbetsbeskrivning

Avdelinga er ei fellesavdeling for radiologi for Ålesund og Volda, og har ansvar for det radiologiske tilbodet til pasientar på Sunnmøre. Vi tilbyr eit breitt utval av undersøkingar innan røntgen, ultralyd/doppler, CT (datatomografi), MR (magnetisk resonans), angiografi (bilete av blodårer), beintetthetsmåling og nuklærmedisin med PET og SPECT. Radiologi er eit spanande fagområde i rask utvikling, og våre tilsette nyttar avansert teknologi store delar av arbeidskvardagen. Undersøkingane vi tilbyr er ein naturleg del av svært mange forløp for både innlagde og polikliniske pasientar, og vi har eit nært samarbeid med dei fleste kliniske avdelingane på sjukehusa.

Vi søkjer deg som trivst med ulike merkantile oppgåver, både i samarbeid med kollegaer og i møte med pasientar. Du må vere lærevillig og handtere arbeidsdagar med høgt tempo. Vi ynskjer oss nokon som kan medvirke positivt i avdelinga, både fagleg og sosialt.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     


Arbeidsoppgåver

  • Betening av telefon
  • Ankomstregistrering av pasientar
  • Kassaregistrering
  • Administrering av ventelister
  • Oppsett av timeavtalar
  • Andre førefallande kontorarbeidsoppgåver
  • Medverke til god logistikk og pasientflyt

Kvalifikasjonar

  • Ønskjeleg med autorisasjon som helsesekretær, men det er ikkje eit krav
  • Relevant praksis
  • God IT- kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
  • Serviceorientert og imøtekomande
  • Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
  • Engasjert og initiativrik til å stå på i eit spennande og hektisk miljø
  • Evne til omstilling og interesse for kompetanseheving
  • Gode samarbeidsevner og høg arbeidskapasitet

Å vere personleg eigna blir lagt vekt på ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Kristin Humlen, Seksjonsleiar, [email protected]

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5128633249
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.06.2026