Helsesekretær/Sekretær

Arbetsbeskrivning

Vi har ledig 100% fast stilling i Kontor medisin Ålesund.

Dette er ei stilling som for tida er ved Dokumentasjonssenteret, men den som blir tilsatt må og vere fleksibel i forhold til arbeid ellers i seksjonen.
Ein må påregne å bli flytta internt ved kortare fråvær for å dekke rolla som postsekretær, og det same kan skje ved ein av poliklinikkane. 

Seksjonen vår sørvar totalt sett eit dokumentasjonssenter, tre sengepostar og seks poliklinikkar. Vi er ein god og samansveisa gjeng som på tross av at vi ikkje sit samla i arbeidskvardagen så samhandlar vi godt. Vi samhandlar mykje via felles Teamskanalar, og dette er ein av styrkane våre - at alle kan få raske svar på eventuelle utfordringar ein står fast i. Vi har jamnlege fellesmøter og kan også finne på noko sosialt saman. 


Arbeidsoppgåver

På grunnlag av oppgåvemeldingar i Helseplattformen, frå behandlare, skal det sendast ut: 

  • Epikriser til fastlegar og andre helseaktørar 
  • Videresending av beskjedar til avdelingsnære sekretærar vedrørende vidare plan for pasientane
  • Henvisningar/vidarehenvisningar til andre sjukehus eller internt til andre fag
  • Utsending av journal, etter forespørsel, til andre helseaktørar - for det meste andre sjukehus utanfor regionen
  • Ovenstående krev samhandling med behandlare og dei avdelingsnære sekretærane spesielt 
  • Diverse rapportar
  • Telefoni

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, ellers relevant erfaring som sekretær
  • Gode datakunnskapar
  • Må ha kjennskap til Helseplattformen
  • Kjennskap til seksjonen sine arbeidsoppgåver og fagfelt vil vere ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg 
  • Personleg eignaheit vert vektlagd

Personlege eigenskapar

  • Du framstår positiv og fleksibel i arbeidsmiljøet
  • Du er imøtekomande og serviceinnstilt
  • Du har evne til samarbeid i team, men handterar også å arbeide sjølvstendig
  • Du tek initiativ til arbeidsoppgåver som skal løysast
  • Du har evne til omstilling

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.    

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Merete Røren, Seksjonsleiar, +47 70 10 50 00, [email protected]

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5115095089
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.06.2026