60 % vikariat miljøterapeut Hamna dagsenter

Arbetsbeskrivning

Vi søkjer etter deg som har erfaring frå eller interesse for arbeid med mennesker med ulike utfordringar, og som vil vere med å utvikle og kvalitetssikre tilbodet om dagtilbodet til brukargruppa.

Stillinga er knytt til seksjon Hamna dagsenter, og er organisert under avdeling bu og habilitering i helse og omsorgs sektoren. Hamna dagsenter er eit interkommunalt dagtilbod til mennesker med ulike utfordingar frå Volda og Ørsta kommune. Personalgruppa består av engasjerte medarbeidarar som er opptekne av fagleg utvikling og godt samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartar. God omsorg, meiningsfulle aktivitetar og utvikling hos den enkelte står i fokus. Vikariatet er f.o.m.03.08.26-21.03.27.


Arbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid med det enkelte brukar
  • Delta i daglege aktivitetar med brukarane
  • Primærkontakt-/ koordinator oppgåver
  • Dokumentere i journal etter gjeldande lovverk
  • Fylgje nedskrive prosedyrar, planar og tiltak
  • Stille spørsmål og reflektere rundt arbeidet du utfører
  • Samarbeide med foreldre og andre instansar
  • Oppfølging av kapittel 9 (tvang og makt)
  • Rettleie og gi opplæring til andre tilsette, studentar og lærlingar

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsviss offenteleg godkjent vernepleiar, sosionom og barnevernspedagog
  • Andre med helsefagleg utdanning kan også søkje
  • Erfaring med miljøarbeid knytt til brukar gruppa i praksis er ein fordel
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med utfordrande atferd
  • Personlege eigenskapar blir høgt vektlagt
  • Førarkort klasse B for manuell gir
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • IKT ferdigheiter
  • Tilfredsstillande politiattest av ny dato

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg og tydeleg vaksenperson og ein god rollemodell
  • Du må kunne sette grenser, stå i kravsituasjonar, men også kunne ivareta brukarmedverknad
  • Du tilpassar din kommunikasjon etter tenestemottakar sitt behov, syner tolmod og er omsorgsfull
  • Du må vere spontan, og takle endringar på kort varsel
  • Hos oss er du ein lagsepelar, du må vere løysingsorientert, inkluderande og nyskjerrig
  • Du evnar å arbeide tett med kollegaer, men må også kunne arbeide sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariff
  • Gode pensjons og forsikringsordningar i KLP
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollega og triveleg arbeidsmiljø
  • Tilgang på elæringskurs frå Visma og NHI
  • Arbeidsvilkår: Turnus

Kontaktinformasjon

Liv Bente Grothaug, Seksjonsleiar Hamna, 48061154, [email protected]
Reidun Elisabeth Sandnes, Avdelingsleiar Bu og habilitering, [email protected]

Arbeidsstad

Joplassvegen
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 5143096866
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 21.03.2027
Søknadsfrist: 28.06.2026