Det er ledig vikariat som spesialpedagog i barnehageåret 2026/2027.
Det er behov for fleire stillingar i ulike stillingstorleikar mellom 60% og 80%.
Sjukefråvær og behovet for spesialpedagogisk hjelp til barnehagebarn er varierande og vil påverke storleiken og varigheita på vikariata.
Spesialpedagogane i Alver kommune har arbeidet sitt i både private og kommunale barnehagar i heile kommunen der det er barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp. Arbeidet vert organisert i den einskilde barnehagen, med utgangspunkt i vedtak om spesialpedagogisk hjelp og rettleiing frå PPT
Søkjar må ha godkjend utdanning som barnehagelærar.
Vidareutdanning i spesialpedagogikk og erfaring frå spesialpedagogisk arbeid er ønskjeleg. Erfaring med ASK, mellom anna biletstøtte og teikn til tale, kan vere ein fordel.
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneI tråd med barnehageloven § 19 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede