Stillinga som ass.rektor er delt mellom 50 % leiing og 50 % undervisning
Vikariatet gjeld frå 01.08.2026 til 01.05.2027, med moglegheit til forlenging fram til sommar 2027
Gullfjordungen skule er ein barneskule for 1-7. klasse, med 153 born og 23 tilsette. Skulen ligg 2 km frå Vangen (sentrum), med flott utsikt over Vangsvatnet og Gråsida. Du kan lesa meir om skulen her: Gullfjordungen skule - Voss herad
Assisterande rektor er rektor sin næraste samarbeidspartnar og er vikar ved behov. Assisterande rektor har ansvar for ulike trinn, arbeider for eit godt skule- og klassemiljø, og er med å skapar retning i skulen sitt utviklingsarbeid. Me søkjer ein skuleleiar som kan medverka til å vidareutvikla skulen som ein lærande organisasjon.
Me tilbyr
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Kvalifikasjonar:
Arbeidsoppgåver:
Personlege eigenskapar:
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.