Ledig stilling som Kantor/Organist/ Kyrkjemusikar (100%) i Tysvær kyrkjelege fellesråd

Arbetsbeskrivning

Tysvær kyrkjelege fellesråd har frå 1.9.2026 ledig 100 % stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar, med hovudarbeidsområde Førresfjorden Sokn og Nedstrand Sokn. Vi søkjer ein person som kan leie og vidareutvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i kyrkjelydane.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar

· Utdanning iht. kvalifikasjonskrav for kantor/kyrkjemusikar.

· Søkarar med anna relevant musikalsk utdanning og erfaring blir og vurdert for stillinga, då på lik linje med dei med formell kyrkjemusikalsk utdanning.

· Beherskar liturgisk spel.

· God kjennskap til Den norske kyrkja sin liturgi og salmetradisjon.

· Engasjement og evne til å bygge opp, leie og rekruttere til kyrkjemusikalsk arbeid for vaksne, barn og ungdom.

· Beherske skriftleg og munnleg norsk.

· Kunne bruke digitale verktøy i sitt daglege arbeid.

· Den som vert tilsett må disponere eigen bil og ha førarkort kl. B. Kjøregodtgjering vert ytt etter statens regulativ.

· Den som vert tilsett må være medlem av Den norske kyrkja. Det kan søkast dispensasjon for kravet om medlemskap

· Det vil bli kravd tilfredsstillande politiattest jf. Lov om tros- og livssynssamfunn § 20

Personlege eigenskapar

· Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og fleksibilitet.

· Gode samarbeidsevner.

· Evne til å sjå det musikalske saman med anna menighetsarbeid.

· Det vil vere viktig med eit godt samarbeid med kyrkjelyden sine utval, frivillige og tilsette.

· Evne til å byggje gode relasjonar.

· Evne til å arbeide sjølvstendig og i team

· Evne til å arbeide strukturert.

· Allsidighet og erfaring med ulike stilartar og musikalsk uttrykk er ynskjeleg.

Arbeidsoppgaver

Arbeidsoppgåver

· Planleggje og gjennomføre gudstenester, gravferder og vigsler saman med andre tilsette.

· I samarbeid med frivillige og andre tilsette planleggje og gjennomføre andre arrangement og konsertar

· Bidra i kyrkjelyden sitt menighetsarbeid, herunder konfirmantarbeid og korarbeid.

· Andre oppgåver etter avtale

Vi tilbyr

Vi tilbyr

  • Lønn etter tariffavtale i KA-området.

  • Medlemskap i KLP

  • Ønske du å jobbe i ein lågare stillingsprosent enn 100% vil det og bli vurdert.

  • Kjekke kollegaer

  • Gode instrumenter; Orgelet i Aksdal Kyrkje er eit Ryde, 13 stemmers orgel. I Førre er orgelet eit Jehmlich-orgel, 14 stemmers. Orgelet i Nedstrand Kyrkje er eit Christensen og Sønner, 14 stemmers orgel og i Skjoldastraumen er det eit Gustavsen, 8 stemmers orgel.