Psykiatrisk sjukepleiar

Arbetsbeskrivning

Vi har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og/eller rusbehandling.

Stillinga inngår i eit arbeidsfellesskap saman med andre spesialsjukepleiarar, psykiatrar, psykologspesialistar med fleire.

FACT DPS Ålesund er ein del av DPS Sunnmøre. Vi gir tilbod om utgreiing og behandling i pasienten sitt heimemiljø. Vi har ei tverrfagleg tilnærming i behandlinga og legg vekt på tett samarbeid med pasient, pårørande og kommunale tenester.

Vi har kontor på Digernes Næringsområde i Ålesund kommune og tilbyr ambulante spesialisthelsetenester på Nordre Sunnmøre. Som ein del av distriktspsykiatrien reiser vi rundt frå Geiranger i søraust til Ona i nord og Alnes i vest. Dei to teama i seksjonen dekker kvar sitt geografiske område som til saman omfattar vel 100.000 innbyggarar fordelt på sju kommunar.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling innan psykisk helse og rus
  • Tverrfagleg samarbeid, internt og eksternt
  • Fagleg utviklingsarbeid og rettleiing

Kvalifikasjonar

  • Norsk autoriasjon som sjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller rus
  • Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus og/eller ambulante tenester er ønskjeleg
  • Førarkort klasse B
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til kommunikasjon og etablering av terapeutiske relasjonar
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig og i team og er innstilt på å samarbeide på tvers av faggrupper, til pasientens sitt beste
  • Du har ei positiv, deltakande og fleksibel haldning

Vi tilbyr

  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver
  • Faglege utfordringar og tilrettelegging for fagleg utvikling
  • Eit fagmiljø med engasjerte og trivelege medarbeidarar
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • FACT - tillegg
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Ronald Longva, Seksjonsleiar, +47 70173190, [email protected]

Arbeidssted

Digernes Næringsområde 9
6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5141206937
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.06.2026