Vil du vere med og bygge opp eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern?
Psykose sengepost Sunnmøre søker ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar til stillinga som sjukepleiar/vernepleiar. Oppstart 11. august.
Vi tilbyr for tida langvakter på natt og arbeid kvar fjerde helg.
Psykose Sunnmøre opna i oktober 2025, og du får her ei unik moglegheit til å vere med i vidareutviklinga av ein heilt ny sengepost med høge ambisjonar for fag, kvalitet og pasientsikkerheit.
Seksjonen tilbyr utredning og behandling for personar med psykoselidingar som har behov for døgnopphald. Vi arbeidar tverrfagleg i team som består av psykiater, psykologspesialist, LIS3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar.
Som medarbeidar ved Psykose sengepost Sunnmøre vert du ein del av eit fagmiljø som legg stor vekt på:
Seksjonen tilhøyrer Avdeling for sykehuspsykiatri Sunnmøre, saman med Akutt psykisk helse Sunnmøre, Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre, Allmennpsykiatri Sunnmøre, Spesialisert habilitering Sunnmøre og Alderspsykiatri Sunnmøre.
Som sjukepleiar ved Psykose sengepost Sunnmøre vil du ha ei sentral rolle i å sikre heilheitleg og forsvarleg behandling:
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.