Vernepleiar -100% fast

Arbetsbeskrivning

Ynskjer du å vere med på å byggje opp eit nytt, fagleg sterkt og trygt tilbod for barn og unge i Vinje Kommune?

Vinje kommune etablerer Reini avlastningsbustad- eit nytt heildøgnstilbod for barn og unge med omfattande og samansette behov. Bustaden skal gje trygge, føreseielege og individuelt tilpassa omsorgstenester til barn, unge og unge vaksne.

Reini avlastningsbustad er organisert under tenesta for funksjonshemma i Vinje kommune, og skal utviklast til eit fagleg sterkt og fleksibelt tilbod med vekt på:

  • tryggleik, struktur og relasjonar
  • individuelt tilpassa miljøterapi
  • meistring og deltaking i aktivitetar 
  • tett samarbeid med føresette og andre tenester

Tilbodet rettar seg mot barn og unge med mellom anna utviklingshemming, autismespekterforstyrringar og andre samansette utfordringar.

Me søkjer no etter ein engasjert og fagleg sterk vernepleiar som ynskjer å vere med på å byggje opp eit trygt, meiningsfullt og utviklande tilbod.


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk arbeid tilpassa den enkelte brukaren
  • Bidra til omsorg, struktur og tryggleik i kvardagen
  • ADL-trening, sosial trening og tilrettelegging for aktivitet og deltaking
  • Legemiddelhandtering etter gjeldande rutinar og regelverk
  • Samarbeid med føresette, pårørande og andre samarbeidspartnerar
  • Dokumentasjon, journalføring og  koordinatoroppgåver ved behov
  • Bidra til utvikling av struktur, rutinar og fagleg praksis i tenesta
  • Delta aktivt i fagleg utviklingsarbeid og rettleiing

 

Me samarbeider på tvers av avdelingar for å sikre eit godt og fagleg sterkt tilbod. Som ein del av teamet vil du få ein variert arbeidskvardag, der du jobbar både ved Reini avlastningsbustad og ved Svingen. Her møter du vaksne personar med ulike behov, og du får bruke kompetansen din i både institusjon og omsorgsbustader

Kvalifikasjonar

  • Autorisert vernepleiar
  • Me vurderer også søkjarar med relevant 3-årig høgskuleutdanning, til dømes sjukepleiar, barnevernspedagog eller lærar
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå målretta miljøarbeid med barn og unge med samansette behov
  • Det er ynskjeleg med kjennskap til autismespekterforstyrringar og/eller psykisk utvilkingshemming
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Du er tydeleg og trygg i kommunikasjon med brukarar, kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Du er robust og evnar å stå i krevjande situasjonar på ein roleg og løysingsorientert måte
  • Du arbeider strukturert og sjølvstendig og tek ansvar for kvalitet og framdrift
  • Du trivst med samarbeid og bidreg til gode løysingar for den enkelte
  • Du likar å vere aktiv og finne på aktivitetar saman med barn og unge
  • Du bidreg positivt til arbeidsmiljøet og trivst i ein variert arbeidskvardag
  • Du er fleksibel, stabil og omstillingsdyktig

Me legg stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

Vi tilbyr

Hos oss får du meir enn berre ein jobb– du får vere med å skape noko nytt. Du blir ein del av eit fagmiljø i utvikling, der relasjonar, tryggleik og gode opplevingar for barn og unge står i sentrum.

Her får du bruke både fagkunnskap, kreativitet og menneskeleg varme i kvardagen!

Me tilbyr: 

  • ein jobb der du faktisk kan gjere ein forskjell
  • høve til å vere med å byggje kultur, rutinar og fagmiljø frå starten
  • ein aktiv og variert arbeidskvardag – ingen dagar er heilt like
  • tett oppfølging, mentorordning og rom for fagleg utvikling
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • aktivitetskortordning med gåvekort og mogelegheit for å vinne premiar
  • nærleik til natur, friluftsliv og gode opplevingar i vakre Vinje

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Hjørdis Ringhus Saupstad, Avdelingsleiar Svingen og Reini, +47 97028218, [email protected]

Arbeidsstad

Vinjevegen 192
3890 VINJE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 5137892042
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.07.2026