100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar / assistent i Hestavoll barnehage

Arbetsbeskrivning

100 % stilling som barne- og ungdomsarbeider/ assistent i Hestavoll barnehage


Ullensvang kommune har ledig 100% stilling, fast som barne- og ungdomsarbeidar/ assistent i Hestavoll barnehage. 

Hestavoll barnehage har 3 avdelingar fordelt på 60 plassar. Barnehagen held til i Odda sentrum, like ved Odda barneskole. Vi har eit internasjonalt miljø som legg vekt på gode samspel og inkludering. Vi har kunst, kultur og kreativitet som satsingsområde. Barnehagen har mange fine turområder som vi nyttar gjennom året.

Vi ynskjer oss ein medarbeider som evner å ta barnas perspektiv. Har evne til å skape gode relasjonar og vere løysingsorientert. Ein som er opptatt av kvalitet i barnehagen og ynskjer å utvikle seg fagleg samt arbeide for eit godt arbeidsmiljø. Det er positivt om du har personleg engasjement og interesser som kan bidra til eit levande og inspirerande miljø for barna i barnehagen.  


Arbeidsoppgåver:

  • Delta aktivt i gjennomføringa av det pedagogiske arbeidet på avdelinga. 

  • Medverka positiv til utvikling og trivsel for barna i det daglege.

  • Samarbeide med kollegaene på avdelinga med ynskje om å gjere kvarandre gode og medverka til eit godt arbeidsmiljø.

  • Medverka til eit godt foreldresamarbeid.

 

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå tidligare arbeid med barn er ynskjeleg, men ikkje eit krav. 

  • Interesse for barn og deira leik og utvikling

  • Evne til å sjå det einskilde barnet og skapa gode relasjonar

  • Sjå barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet

  • Evne til å samarbeida

  • Visa initiativ for faget

  • Fleksibel og kreativ

  • Godt humør og positiv innstilling


Krav:

  • Ved tiltreding må gyldig politiattest og tuberkulinstatus leggjast fram, jf. lov om barnehage.

  • Søkjarar med utanlandske kvalifikasjonar, må leggja ved dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheiter i tråd med Barnehagelovens §28.

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her