Barne- og ungdomsarbeidar

Arbetsbeskrivning

Sunde barnehage har ledig 100% stilling som barne-og ungdomsarbeidar. Stilling er 60% fast frå 1.8.2026 og 40% vikariat i perioden 1.8.2026-31.07.2026, forlenging eller auke av fast stilling kan vere aktuelt.

Barnehagen ligg sørvendt til i Solevågen i Sula kommune, ca 8 minutt kjøring frå Moa. Barnehagen har friluftsprofil, og bruker det unike nærområdet vårt til turar i fjøra, i skogen, på fjellet og til Sundsmyra.

Sunde barnehage er ein kommunal barnehage med 2 avdelingar, ein for barn mellom 1-3 år og ein avdeling for barn mellom 3-6 år.

Visjonen vår er: Med omsorg for framtida.
Verdigrunnlaget vårt er: Alle i Sunde barnehage skal kvar dag ha kjensle av å vere viktige og å bli sett. Vi bygger gode relasjonar og møter barnehagedagen med omsorg, refleksjon og faglegheit.

Du kan lese meir om barnehagen på Sula kommune si heimeside, under Oppvekt og utdanning.


Arbeidsoppgåver

  • ha fagleg medansvar for pedagogisk målretta arbeid i barnehagen, i samarbeid med og under rettleiing av pedagogisk leiar 
  • ha medansvar for å planlegge, gjennomføre aktivitetar og evaluere desse 
  • ha ansvar for at praktiske arbeidsoppgåver blir gjennomført i samarbeid med det øvrige personalet i barnehagen 
  • ha delansvar for å observerer, vurdere og dokumentere aktivitetar ut frå barna sine føresetnadar og behov, i henhald til barnehagen sitt system for dette 
  • ha ansvar for tilsyn, tryggleik og omsorg for barna 
  • ha medansvar til å oppfylle måla og krava i rammeplan, årsplan og avdelinga sine mål 
  • sette seg inn i og bruke datasystema og digitale verktøy som barnehagen nyttar 
  • sette seg personlege mål og arbeide sjølvstendig 
  • ha ansvar for å følgje opp avtalte daglege rutinar innan HMS eller anna 

Kvalifikasjonar

  • godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • god norskkunnskap, munnleg og skriftlig. Nynorsk er tenestemålet i barnehagen
  • kunne bruke og vise interesse for digitalt verktøy i arbeidet
  • politiattest av nyare dato må leggast fram ved tilsetting

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein person som

  • er positiv og fleksibel
  • er initiativrik og utviklingsorientert
  • liker å gå på tur, vere ute i all slags vêr og vere aktiv deltakande i leik og læring saman med barn og vaksne
  • viser engasjement og vilje til å handtere alle sider ved arbeidet på avdelinga 
  • viser høg arbeidsmoral og har stor tilstedeværelse på jobb
  • kan jobbe både på storbarn- og småbarnsavdeling, alt etter barnehagen sin behov
  • tek positivt medansvar for eigen og andre sin trivsel, og like å arbeide i team

Faglege og personlege eigenskapar bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • arbeide tett i lag som personale med fokus på kvalitet, endring og utvikling
  • godt arbeidsmiljø med høg trivsel
  • løn etter hovedtariffavatlen sine rammer og lønnspolitiske retningslinjer
  • god offentleg tenestepensjon i KLP med gode låne- og forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Anita Beth Quon Eikrem, Einingsleiar, 47648090, [email protected]

Arbeidsstad

Rystene 30
6037 Eidsnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5142904303
Stillingsprosent: 100%
Anna
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 23.06.2026