Kontaktperson barnevern

Arbetsbeskrivning

Om stillinga og ny interkommunal barnevernsteneste

Me søker ein sjølvstendig, engasjert og løysingsorientert kontaktperson i 100 % fast stilling. Stillinga er ledig med tilsetjing frå snarast.

Stillinga er i dag organisert i Aurland og Lærdal barnevern, som er ei avdeling i  kommunalområdet oppvekst. Aurland er vertskommune for den eksisterande interkommunale tenesta.

Samtidig står vi framfor ei viktig utvikling:
Kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal etablerer frå 1. januar 2027 ei ny felles barnevernsteneste. Sogndal kommune vert vertskommune, og tenesta vil ha kontorlokasjonar på begge sider av Sognefjorden.

Dette gir ei unik moglegheit til å vere med frå starten og bidra aktivt i utviklinga av ei framtidsretta  barnevernsteneste. Stillinga vert vidareført i den nye tenesta.

Som kontaktperson vil du arbeide med oppfølging av barn, unge og familiar, og samarbeide tett med både interne og eksterne samarbeidspartnarar. Du vil bli del av eit større og styrka fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling, samarbeid og erfaringsdeling på tvers av kommunar og tenester.

Den nye interkommunale tenesta skal:

  • styrke fagmiljøet
  • sikre likeverdige og gode tenester til barn og familiar
  • legge til rette for betre tverrfagleg samarbeid
  • vere driftsikker og berekraftig over tid

Saman skal me bygge ei teneste som gir betre kvalitet, mindre sårbarheit og sterkare kompetanse til beste for barna i regionen. 


Arbeids- og ansvarsområde

  • Sakshandsaming etter barnevernslova
  • Endringsfokuserte tiltak
  • Utviklingstøttande tiltak
  • Praktisk bistand og oppfølging
  • Samtale med barn/ungdom
  • Kartleggingar
  • Samarbeid med barnet, familiane, relevant privat nettverk og offentlege instansar
  • Deltaking i ulike møter vedkomande barnet og dei føresette

Lista er ikkje uttømmande.


Me tilbyr

  • Ei meiningsfull rolle der du får moglegheit til å gjere ein vesentleg skilnad i familiane sine liv
  • Eit inkluderande, engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff
  • Minimum 6 år tilleggsansiennitet
  • Fleksitid med hovudsakleg dagarbeid
  • Arbeidstida kan tilpassast oppgåver og behov. Noko kvelds- og helgearbeid må reknast med
  • Månadleg rettleiing, jf. strukturert plan for rettleiing
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
  • Gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (førebels velferdsordning)
  • Å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære 
  • Sjå  informasjon om barnehageplass ved å fylje lenka: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår  her.

 

Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

  • 3-årig universitets- eller høgskuleutdanning, fortrinnsvis sosialfagleg
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner

Me ser etter deg som har

  • Erfaring frå kommunalt og/eller statleg barnevernsarbeid eller tilgrensande tenester / tiltaksarbeid
  • Kompetanse innanfor rettleiing og foreldrestøttande program
  • Nettverksorienterte tilnærmingar
  • Kompetanse i samtaler med barn
  • Minoritetskompetanse
  • Relasjonskompetanse
  • Kompetanse innanfor spe- og småbarn
  • Erfaring i konflikthandtering
  • Digital kompetanse 
  • Ferdigheiter innan digitale fagprogram i Modulus (Aurland og Lærdal barnevern) og Visma Flyt barnevern (ny felles barnevernsteneste) 

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert, analytisk og utviklingsorientert
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og løysningsorientert
  • Lojal, fleksibel og relasjonell
  • Evne til å samarbeide godt i team og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
  • Fokus på tverrfagleg samarbeid

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

 


Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
  • politiattest etter barnevernlova må leggast fram innan du byrjar i stillinga
  • Førarkort kl. B / automatgir 

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


Generell informasjon 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til [email protected]. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.