Helsefagarbeidar - 80% vikariat

Arbetsbeskrivning

 

Helsefagarbeidar i 80% stilling - Vikariat tom 31.04.2027

Omtale av stillinga

 

På Halsnøy har vi eit kjekt og pulserande miljø, med ei god blanding av menn og damer på arbeid. No mistar vi mange studentar til dei store byane og treng difor nye helgevikarar.

 

Vi er oppteken av å trygge våre tilsette, og det er rom for å feila og rom for å læra. Om du kjenner deg usikker på å søkja, så send søknad, så kan vi ta ein prat, så kan vi i lag finne ut om dette kan vera noko for deg. 

 

Kanskje skal du ha eit friår? Hos oss kan du få nyttig erfaring samt legge deg opp litt kapital.

 

Vi søkjer:

 

Vi har ledig  stilling som helsefagarbeidar i 80% vikariat 01.08.2026 - 31.04.2026.  Stillinga er knytta til arbeid kvar 3. helg.

 

 Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev helsefag 
  • Påliteleg
  • God munnleg og skriftleg norskkunnskap
  • God IT kunnskap

 

 Personlege eigenskapar:

  • Nysgjerrig og vilje til å læra
  • Ikkje redd for å arbeide aleine
  • Omsorgsperson

 

 Vi tilbyr:

  •  Pengar på konto kvar månad, ekstra om du er under helsefagleg høgskuleutdanning. 
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.

Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.


Link til søknadsskjema: Søk her