Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!
Lokal sikkerheitspost (LS): Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
* 100% fast stilling, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnus
* 100% sommarvikariat, 2-delt turnus og 4. kvar helg i langturnus
Regional sikkerheitspost (RS): Krav om godkjend politiattest. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.
* 100% fast stilling, 2-delt turnus og 3. kvar helg
* 100% sommarvikariat, 2-delt turnus og 3. kvar helg
Psykiatrisk klinikk: Kandidatar blir tilsett ved Psykiatrisk klinikk pt ved avdeling.
* Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S4 - har ledig 100% fast stilling, 2-delt turnus og kvar 3. helg
* Psykiatrisk akuttmottak, PAM1 - har ledig 100% fast stilling, 2-delt turnus og kvar 3. helg
Kronstad DPS har ledig følgande stilling:
* Kronstad DPS, Allmenn døgn - har ledig 100% fast stilling, 2-delt turnus og pt. kvar 3. helg.
Bemanningssenteret Vanskeleg å velge avdeling? Bemanningssenteret søker sjukepleiar og vernepleiar som vil jobbe på meir enn ein avdeling. Vi har ledig 100% faste stillingar med arbeid i snitt kvar 3. helg. Vi har årsturnus, og du har stor innverknad på eigen turnus. Her får du verdfull erfaring og ein variert arbeidskvardag.
Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss får du fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet.
Klinikk for Sikkerheitspsykiatri sitt samfunnsoppdrag er å gi behandling til alvorleg sinnslidande pasientar, som i tillegg treng høgt tryggleiksnivå for å verne samfunnet. Å finne ei optimal balanse mellom tryggleik og behandling for pasient, personalet og samfunnet for øvrig, er ei av våre viktigaste oppgåver.
Lokal Sikkerheitspost (LS) jobbar tverrfagleg og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, fysisk aktivitet og eigen ergoterapi avdeling. Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit miljø med varierande utfordringar. Dette er ei stilling som gjev personleg og fagl
Kontakt: Joachim Rau Honningsvåg, Tlf. 55958348
Regional sikkerheitspost (RS) her har kvar pasient har ei tverrfagleg team som arbeider saman om å balansere mellom utvikling for pasienten og tryggleik for alle. Våre pasientar kan vere innlagde over lang tid, mens andre har kortare opphald. Pasienten sine ressursar og sårbare sider er det uansett god anledning til å bli kjent med. Ei anna sentral oppgåve kan vere judisielle døgnobservasjonar etter straffeprosesslova §167, etter oppdrag frå domstol og sakkyndige. Som sjukepleiar vil du då inngå i eit rettspsykiatrisk team. Personen som er innlagd til observasjon er ikkje ein pasient, men ein observand. Din oppgåve vil vere knytta til observasjon og skrive gode miljørapportar som rettspsykiatrisk sakkyndig skal bruke til å bedømme om vedkommande er tilregneleg eller ikkje i juridisk forstand. Hos oss jobbar det like mange kvinner som menn.
Kontakt: Bente Baug Grey, Tlf. 55958384
Avdeling for spesialisert psykose (ASP), Seksjon S4 er ein akutt, lukka post med 12 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Oppgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelingane er spennande og utfordrande arbeidsplassar med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: June Bønæs Nødtvedt, Tlf. 55958848
Psykiatrisk akuttmottak (PAM) har flytta inn i nye, flotte lokale på Sandviken sjukehus - bli med inn og sjå
PAM1 gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. PAM sin oppgåve er mottak, kartlegging og behandling av menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Posten er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. På sengeposten får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg og hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest.
Kontakt: Pål Audun Hegland, Tlf. 55958510 eller Gunn Andersen, Tlf. 55958712
Kronstad DPS, Allmenn døgn er eit lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne, sentralt plassert på Danmarksplass, like ved bybanestoppet. DPS`et har ansvar for sentrumsregionen i Bergen (bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda). Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi har tett samarbeid med fastlegar, kommunehelsetenesta, psykiatrisk klinikk og andre offentlege og private instansar.
Vi tilbyr korte målretta opphald akutt og elektivt. Vi behandlar pasientar med forskjellige lidingar som i ein periode treng døgninnlegging. Behandlingstilbodet er individuelt utforma, men kan innehalde: Samtalebehandling, medikasjon, utgreiing av diagnose og funksjonsnivå, individuelle støttesamtalar, fysisk aktivitet, psykoedukasjon, etablering av kontakt med ettervern, sosionomtenester, heimebesøk, eksponering og trening på meistring av livet ute. Vi tar imot pasientar både frå Sandviken sjukehus, eigne poliklinikkar og frå fastlegar. Vi har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar.Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.