Maskinsjef 1:2 turnus. 

Arbetsbeskrivning

Vil du jobbe 1 veke og nyte 2 veker fri?

Fjord1 søkjer ein erfaren maskinsjef til sambandet Hufthamar-Krokeide, trafikkert av vår moderne og miljøvenlege el-ferje MF Horgefjord.

Denne ferja blei bygd i 2018 og har batteri som hovudkjelde for framdrift - eit viktig steg i FJord1 for å redusere utslepp og skape ei berekraftig framtid.

Som maskinsjef får du ei sentral rolle i å sikre effektiv drift og teknisk stabilitet om bord. Du får ansvar for vedlikehald og overvaking av maskinieri og energisystem, og bidreg til høg driftsikkerheit på sambandet. 

Dette er ein jobb som gir deg ein variert kvardag der du får brukt din tekniske kompetanse i praksis, samtidig som du får utvikle deg vidare i eit fagmiljø med høg kvalitet.

Reisetida frå Bergen til Krokeide er om lag 30 minutt - enkelt og tilgjengeleg.

Ønskjeleg med snarleg oppstart. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande.


Arbeidsoppgåver

  • Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.
  • Vedlikehald av maskineri og komponentar i tråd med AMOS vedlikehaldssystem.
  • Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikssystemet vert følgt og at det er samsvar med ISM koden. 
  • Oppgåver etter alarminstruks.
  • Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
  • Overvake forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
  • Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
  • Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
  • Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
  • Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.

Kvalifikasjonar

  • Minimum M3- sertifikat 
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper skriftlig og muntlig

Selskapet dekkjer manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein sjølvstendig og løysingsorientert maskinsjef med teknisk innsikt og gode leiareigenskapar. Du er ansvarsbevisst og nøyaktig, og handterer krevjande situasjonar med ro og fagleg tryggleik. Evne til samarbeid og eit sterkt fokus på sikkerheit er heilt avgjerande hos oss.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
  • Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap.
  • Skiftordning: 1 veke på og 2 veker fri.
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, [email protected]

Arbeidssted


5244 Fana

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fjord1 AS

Referansenr.: 5143327998
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.06.2026